Strategiprosess for HVL

HVL skal utarbeide ein strategi for den nye organisasjonen som skal gjelde frå 2018–2023. Perioden fell saman med den sentrale milepålen for universitetsambisjonen, og sikrar overlapp mellom åremåla for leiinga på nivå 1 og 2.

Strategien skal gi retning for ei langsiktig utvikling av den nye organisasjonen, og skal mellom anna byggje på fusjonsavtalen, eksisterande føringar og styrevedtak. Sjå tidslinje for arbeidet med strategien. 

I tillegg til ein overordna strategi, skal vi òg utarbeide strategiar for dei fire fakulteta i HVL. Desse skal byggje på den overordna strategien, og vise korleis fakulteta kan bidra til at HVL når måla vi har sett.

Aktuelt

 

Fakultetsvise strategiforslag

Det blir jobba med eigne strategiar for kvart av dei fire fakulteta våre. Fakultet for helse- og sosialvitskap er ute med sitt høyringsforslag no.

HVL-strategi på høyring

Den første strategien til HVL har vore ute på høyring, og no kan du sjå dei innkomne høyringsinnspela.