Organisasjonsutviklingsprogrammet

Korleis skal vi utvikle Høgskulen på Vestlandet til ein felles organisasjon? Organisasjonsutviklingsprogrammet (OU-programmet) tek hand om desse prosessane, fram til dette ansvaret er plassert i den nye organisasjonen.

Prosjekta

Programmet rommar eit sett prosjekt som høgskulestyret har vedteke rammer for:

Aktuelt

Instituttstruktur ved helse- og sosialfag

Tilsette ved helse- og sosialfag har no fått tilsendt grunnlagsmateriale for høyring. Innspel til modellane skal skje via høyringsmøte som blir gjennomførte i august.

Viktige datoar

  • 1. juli: Høyringsfrist – instituttstruktur ved fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
  • Juli–august: Høyringar om instituttstruktur ved dei resterande fakulteta
  • 28. september: Styrehandsaming av instituttstruktur
  • 31. oktober: Ferdigstilling av arbeidet med å kartlegge og skildre administrative arbeidsprosessar.
  • 30. november: Funksjons- og bemanningsplan skal vere ferdig utarbeidd. 

Kva har allereie skjedd?

Vi er no inne i den siste fasen av fusjonsprosessen, der ein ny linjeorganisasjon skal på plass. Førebuinga til fusjonen blei organisert i eit fusjonsprogram, med underliggande prosjekt. Sluttrapportane til desse prosjekta, og styrehandsaminga av dei, legg nokre premiss for leveransane i denne delen av prosjektet. 

Sluttrapportane blei handsama i ulike styremøte hausten 2016 og våren 2017. Lenke til styrehandsaminga og protokoll frå styremøta finn du under kvart av prosjekta på fusjonsinfo.no

Det var særleg på fagleg organisering at styret gjorde endringar, då dei vedtok at HVL skal ha fire fakultet