Professor

Oddbjørn Bukve

Arbeids- og kompetanseområde

Den faglege bakgrunnen min er offentleg administrasjon og organisasjonsvitskap. Forskingsinteressene mine har særleg vore knytt til lokal og regional utviklingspolitikk, styringsformer i lokal og regional forvaltning og fleirnivåstyring. Eg har også forska på politikknettverk, samfunnsvitskaplege grunnlagsproblem og kvalitetsforbetring i helse- og velferdssektoren. Teoretisk er forskinga mi forankra i organisasjonsteori, institusjonell teori og teoriar om offentleg politikk. For tida underviser eg på masterstudiet Organisasjon og leiing. Evaluering av kommunereforma er det største forskingsprosjektet som eg arbeider med nett no. Prosjektet er leia av Uni Research, og er eit samarbeid mellom fleire nasjonale og internasjonale forskingsmiljø.

 

 

Underviser i

  • Forskingsstrategiar og metode
  • Offentleg politikk og styring
  • Rettleing masteroppgåver og PhD

Forskar på

  • Fleirnivåstyring og politikknettverk
  • Lokal og regional styring
  • Innovasjon og kvalitetsforbetring i offentleg sektor
  • Lokal utviklingspolitikk
  • Institusjonar og institusjonell teori
  • Iverksetjing av offentleg politikk og reformer

Forskargrupper

Utvalde publikasjonar

  • Forstå, forklare, forandre. Om design av samfunnsvitskaplege forskingsprosjekt

    Bukve, Oddbjørn (2016)
  • Local development policies in small countries. A comparative review of Norway and Slovakia

    Bukve, Oddbjørn, Capkova, Sona (2016)
  • Entreprenørskap eller institusjonaliseringsprosessar? Om mekanismar i organisasjonsendring

    Bukve, Oddbjørn, Hovlid, Einar (2014)
  • Parliamentarianism in Norwegian Regions: Majority Rule and Excluded Opposition

    Bukve, Oddbjørn, Saxi, Hans Petter (2014)
  • Lokal og regional styring. Eit institusjonelt perspektiv

    Bukve, Oddbjørn (2012)