Prosjektleiar

Johannes Mario Ringheim

Arbeids- og kompetanseområde

Jobber med programmering av mobilapplikasjonar, nettsider og andre digitale løysingar på Senter for Nye Medier.

Eg har bachelorgrad frå Informatikk ved UiB. Tidlegare har eg jobba med lydteknikk og musikk. Interessa for programvareutvikling fekk eg gjennom å bruke og fylgje med på utviklinga av lydprogramvare med open kjeldekode.

På Senter for Nye Medier har eg utvikla mobilapplikasjonar for lokasjonsbasert læring (m.a Fotspor), diverse websider basert på Wordpress, samt vore med på å sette opp interaktive kunstinstallasjonar basert på minidatamaskiner som Raspberry Pi og diverse sensorteknologiar. Vidare har eg bidrege teknisk til ulike FoU-prosjekt, både ved HVL og i samarbeidsprosjekter med andre utdanningsinstitusjonar, museum osb.

På fritida utviklar eg mine eigne mobilapplikasjonar for Android (og muligens snart iOS). Desse er fokuserte på musikk og lyd med vekt på mindre avanserte brukarar.