Arbeids- og kompetanseområde
Eg har utdanningsbakgrunn innan ernæring og folkehelsevitenskap, og har ein doktorgrad i matrelatert forbrukeratferd frå 2020. Eg har ei særleg interesse for kosthaldsvalg og matrelatert forbrukeratferd på befolkningsnivå, og synest det er spanande å undersøke korleis miljøet rundt oss påverkar matvala våre.
Dei siste åra har eg jobba mykje med nudging som verkemiddel for å påverke matrelaterte val, samt undersøkt forbrukarar si meining om matrelatert nudging. Tidlegare har eg forska på faktorar som påverkar val av ultra-prosesserte matvarer, samt samanhengen mellom tidspress og bruk av ultra-prosesserte matvarer.
Ved HVL er størsteparten av arbeidet mitt knytt til Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet (https://mhfa.no/), der eg blant anna arbeider med skulefaget mat og helse, og mat og måltid i skulen. Eg har også noko undervisning på bachelor i folkehelsearbeid og lærarutdanninga i mat- og helse, samt veiledning både på bachelor- og masternivå.
Underviser i
- Bachelor i folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet
- Grunnskulelærarutdanning 1. - 7. trinn
- Master i fysisk aktivitet og kosthald i eit skolemiljø
- Grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn
Forskar på
- Forbrukeratferd i ein matkontekst
- Nudging og valarkitektur
- Skulefaget mat og helse