Praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag

Årsstudium Hausten 2020

Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag er eit studium for deg som treng pedagogisk kompetanse for å undervise i eit fag du allereie har utdanning i.

Dette deltidsstudiet er samlingsbasert og blir tilbudt på Stord og i Sogndal hausten 2020. (Vil du heller ta studiet på full tid, kan du ta heiltidstudiet.)

Studiet knyter teori og praksis saman til eit heilskapleg og integrert studium, og gir deg som framtidig faglærar nødvendig startkompetanse. Studieprogrammet er ramma inn av eit kunnskapssyn der profesjonskompetanse er definert som ein konstruksjon av fleire ulike kunnskapsformer. Studiet består av 30 studiepoeng pedagogikk og 30 studiepoeng fagdidaktikk. Desse er fordelt likt i to emne:

  • Leiing av læreprosessar
  • Skulen i samfunnet

For å kunne ta eksamen, må du ha minimum 80 % frammøte i begge emna.

Fagprofilar i Sogndal for 2020-kullet (deltid):

  • Kroppsøving
  • Samfunnsfag
  • Norsk (innstilt)
  • Matematikk (innstilt)

Fagprofilar på Stord for 2020-kullet (deltid):

  • Naturfag
  • Matematikk
  • Framandspråk
  • Norsk (innstilt)
  • RLE
  • Kroppsøving
  • Musikk
  • Samfunnsfag
  • Kunst og handverk
  • Dans
  • Drama

Dersom det ikkje blir nok søkarar innan dei enkelte profilane, blir ikkje desse starta opp.

Studieprogrammet følgjer dei læringsutbytta som til ei kvar tid er gjeldande i rammeplan og nasjonale retningslinjer. Nærmare omtale av studiet og progresjon ligg i emneplanane til studiet og i studiehefte frå den enkelte studiestaden.

Undervisningsmåtar

Vi har varierte og studentaktive arbeidsformer. Kva arbeidsformer som blir brukt er avhengig av kva tema vi arbeider med. Nærmare presisering kjem i emneplan og studiehefte.

Deltidsstudiet er organisert som ei fleksibel, samlingsbasert og nettstøtta utdanning.

Tar du utdanninga i Sogndal, blir det samlingar for onsdag-fredag i veke 37, 42, 48 hausten 2020, og veke 2, 6 (kjem an på praksis) og 11 våren 2021.

Tar du utdanninga på Stord, blir det samlingar for førsteårsstudentar onsdag-fredag i veke 35, 40, 46 hausten 2020, og veke 3, 9 og 16 våren 2021.

Praksis

Praksisopplæringa har eit omfang på 60 heile arbeidsdagar. Du tileignar deg praktisk erfaring med læringsteoriar og pedagogiske fenomen som blir tatt opp i dei to teoretiske emna i studiet. 

Praksisopplæringa består av alle dei aktivitetane som inngår i arbeidskvardagen til ein lærar, og blir omtalt i emneplanane for praksis. Praksis skal vere rettleia, og du vil få praksisbesøk der både praksisrettleiar og lærar frå HVL deltar. Du kan ta halvparten av praksisopplæringa ved eigen arbeidsplass.

Her finn du informasjon om praksis.

Kontaktpersonar på Stord

Rådgivar – studierettleiar
Administrasjon ved FLKI
Høgskulelektor
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag

Kontaktperson i Sogndal

Rådgivar
Administrasjon ved FLKI
Høgskulelektor
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag