Praksisstudier ved FHS, Bergen

Her finn du nyttig informasjon for deg som er praksisrettleiar.

Kvar utdanning har ein fagleg og ein administrativ ansvarleg for praksisen. Kvar student får ein kontaktlærer som er bindeledd med praksisfeltet.

Praksisområde 

Studentane ved Fakultet for helse- og sosialfag har klinisk praksis i eit stort område. Radiografutdanninga, ergoterapiutdanninga, ergoterapiutdanninga og jordmorutdanninga er regionale utdanningar i Helseregion Vest, og studentane må rekne med å ha praksis i området. 

Dei andre utdanningane har praksis i Hordaland.

Vil du bli praksisrettleiar?

Eit nytt studietilbod for praksisrettleiare, Rettleiingspedagogikk, startar våren 2020. Her finn du meir informasjon og påmelding til studietilbodet.

Vi ønsker å få fleire rettleiare for studentar i praksis. Ta gjerne kontakt med oss om du er interessert i å bli rettleiar.

Praksisseminar og samlingar

Vi tilbyr med jamne mellomrom praksisseminar og samlingar for praksisrettleiare. Her finn du ein oversikt over aktuelle seminar og samlingar: 

Vernepleierutdanninga arrangerer praksisrettleiarsamling 24. september 2019

Program for samlinga

Klikk her for å melde deg på

Har du spørsmål om seminaret, kan du kontakte Anne Charlotte Skahjem.

Skade og forsikring i praksis

Det er viktig at praksisfeltet er kjent med reglane som gjeld skade og forsikring i praksisstudiane.  

Krav om politiattest 

I studieprogram der studentar kan komme i kontakt med mindreårige eller andre sårbare grupper som del av praksis eller klinisk undervisning, må studentane legge fram politiattest. Ved opptak til studiar kor det er mogelegheit for at studentane vil gjennomføre minst éin praksisperiode i den kommunale helse- og omsorgstjenesten, må studentane levere politiattest som beskrevet i helse- og omsorgstenestelova § 5-4.

Sjå her for meir informasjon om krav om politiattest og våre retningslinjer.

Teieplikt

Studentar i praksis har dei same reglane for teieplikt som dei tilsette ved praksisinstitusjonen, jamfør Universitets- og høgskulelova § 4-6. Studentar i Bergen signerer for teieplikt når dei godkjenner utdanningsplanen sin.  

Gjennomføring og vurdering av praksisstudiar

Sjå forskift for studium og eksamen for reglar knyttet til praksis. 

Her finn du skjema for praksisstudiar i helse- og sosialfag.

Oversikt over praksisperiodar 

Her finn du informasjon om når dei ulike utdanningane har studentar i praksis:

Oversikt over praksisperiodar i studieåret 2019/2020 Campus Bergen 

Føring av reiserekning

Reiseutgifter refunderes etter at reiserekning er sendt inn med kvitteringar. Reiser du med fly, må du legge ved boardingcard. Du må sjølv bestille reise og forskotera kostnadane. Ingen reiser eller eventuelt opphald skal bli fakturert Høgskulen. Dersom det er behov for overnatting må dette være avklart på førehand.

Rimelegaste reisemåte skal nyttas i staten. Skjema finn du på Statens fellesblankett. Kvitteringar limes på et A4 ark og skannes eller tas bilete av.

Reiserekninga sendes til FHS-reiseregninger@hvl.no.

Høgskulen har gjennom Universitets- og høgskulerådet inngått hotellavtalar med desse hotellkjedane:

  • Thon Hotels AS
  • Scandic Hotels AS
  • Nordic Choice Commercial Services AS
  • Rezidor Hotels Norway AS

Når du bestillar må du oppgi bestillingskoden: «Universitet og høgskoleavtalen» (UH-avtalen) og «Høgskulen på Vestlandet» for å få riktig pris.

SimArena

SimArena har 25 høgteknologiske øvingsrom. Her kan studentane tilegne seg ferdigheiter i trygge omgivnadar som tillét prøving og feiling. I tillegg til ferdigheitstrening og simulering, brukes laboratoriane til kurs, forsking og utviklingsarbeid.

SimArena er også tilgjengeleg for utleige og kan tilby uni- og tverrprofesjonelle kurs.

Her finn du meir informasjon om korleis leie våre lokale.

Kvalitet i praksisstudiar

Kvalitet i praksisstudiar er eit nasjonalt prosjekt. Målet er å gjennomføre eit nasjonalt utviklingsarbeid som skal bidra til å heve kvaliteten og sikre relevansen i dei eksterne praksisstudiane i helse og sosialfagutdanningane slik at dei kan møte framtidens behov. For meir informasjon om prosjektet, rapporter m.m., sjå nettsida til UHR.

Samarbeidspartnarar

Bergen kommune og Helse Bergen er blant fakultets framste samarbeidspartnarar. Kvart studieår blir omlag ein million kroner fordelt til prosjekt som skal fremme samarbeid og bidra til å utvikle praksisfeltet som læringsarena for studentane. 

Du kan lese meir om samarbeidsavtalen mellom Helse Bergen og høgskulane på Helse Bergen si nettside

Her finn du avtalen med Bergen kommune.