Praksis engelsk årsstudium - for praksisfeltet

Denne informasjonen gjeld deg som er praksislærar knytt til engelsk årsstudium med fagdidaktikk ved campus Sogndal.

Organisering av praksis

Praksis er obligatorisk i studiet. Studentane gjennomfører praksis i grupper på 2-3 studentar og skal gjennomføre ca 8-12 undervisningstimar/økter (min/max) i løpet av perioden. Rettleiing kjem i tillegg.

Praksis i vårsemesteret 2019 er i veke 12 og 13. 

Meir om organisering av praksis

I studieplanen finn du også informasjon om praksis.

Politiattest og teieplikt

Ved studiestart leverer studentane politiattest og signert erklæring om teieplikt.

Skikkavurdering

Denne utdanninga har skikkavurdering. Skikkavurdering er ei totalvurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnader for å kunne fungere i yrket.

Til praksisside for studentar