Praksis i femårig grunnskulelærarutdanning - for praksisfeltet

Denne informasjonen gjeld deg som er praksislærar knytt til den femårige grunnskulelærarutdanninga ved campus Sogndal.

Studieplanar

Emneplanar

All praksis er obligatorisk, og studentane må ta att eventuelle fråværsdagar.

Plan for praksis

Plan for praksis 1-7 og 5-10

Førebuing til praksis og planlegging av undervisning

Som tillegg til emneplanar og retningslinjer har vi utarbeidd råd om korleis du førebur deg til praksis

Evaluering av praksis

I praksisperioden skal du ha både rettleiingssamtale, midtvegssamtale og sluttsamtale med studenten. Du skal også fylle ut to skjema, eit for undervegsvurdering og eit anna for sluttvurdering etter praksis.

Meir om evaluering og vurderingsskjema

Sjukdom og fråvær i praksisperioden

All praksis er obligatorisk for studenten. Både sjukefråvær og anna fråvær må dokumenterast, og studenten må ta igjen fråværsdagane. Les meir om sjukdom og fråvær på studentane si praksisside. 

Skikkavurdering

Denne utdanninga har skikkavurdering. Skikkavurdering er ei totalvurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnader for å kunne fungere som barnehagelærar.

Politiattest og teieplikt

Ved studiestart leverer studentane politiattest og signert erklæring om teieplikt.

Innlogging og hjelpesider Canvas.

 Til praksisside for studentar