Praksis i grunnskulelærarutdanninga - for praksisfeltet

Denne informasjonen gjeld deg som er praksislærar knytt til den fireårige grunnskulelærarutdanninga på heiltid ved campus Sogndal.

Studieplan og praksishefte 

Studieplan for ulike kull.

I praksisheftet finn du viktig informasjon om praksisperiodane.

Førebuing til praksis og planlegging av undervisning

Som tillegg til emneplanar og retningslinjer har vi utarbeidd råd om korleis du førebur deg til praksis

Evaluering av praksis

I praksisperioden skal praksislærar og du som student ha rettleiingssamtale med rom for kontinuerlege tilbakemeldingar. I tillegg skal du evaluere praksis skriftleg. Etter haustpraksis skal praksislærar ha midtvegssamtale med deg. Sjå praksisheftet for meir informasjon.

Ved slutten av vårpraksisen skal du levere eige evalueringsskjema til praksislærar og profesjonsrettleiar. Skjemaet skal leverast etter at du har fått praksisvurdering. Både vurderinga frå praksislærar og evalueringa di dannar grunnlag for evalueringssamtale mellom deg og praksislærar, og for vidare oppfølging ved praksisskulen og HVL.

Sjukdom og fråvær i praksisperioden

All praksis er obligatorisk for studenten. Både sjukefråvær og anna fråvær må dokumenterast, og studenten må ta igjen fråværsdagane. Les meir om sjukdom og fråvær på studentane si praksisside. 

Skikkavurdering

Denne utdanninga har skikkavurdering. Skikkavurdering er ei totalvurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnader for å kunne fungere som lærar.

Politiattest og teieplikt

Ved studiestart leverer studentane politiattest og signert erklæring om teieplikt.

Innlogging og hjelpesider Canvas.

 Til praksisside for studentar