Samarbeidsmidlar campus Førde

Alle som tar i mot studentar i praksis frå sjukepleieutdanninga og andre helseutdanningar ved campus Førde er velkomne til å søke om samarbeidsmidlar.

Målet med samarbeidsmidlane er å fremje og stimulere til felles prosjekt som kan bidra til å vidareutvikle kvaliteten i utdanningstilbodet til studentane.

Utlysing for 2018/2019

Fristen for å søke om samarbeidsmidlar er utsett til søndag 8.april kl 23.59. 

Målet med samarbeidsmidlane

Samarbeidsmidlane skal bidra til

  • auka samarbeid mellom avdelinga og praksisfeltet
  • betre kvalitet i praksis og praksisopplæring
  • sterkare kobling mellom utdanning og fagutviklingsprosjekt i praksisfeltet
  • utvikling av berekraftige forskings- og utviklingsmiljø

Samarbeidsprosjekta kan initierast både av leiarar og tilsette i praksisfeltet og HVL.

Rapportering

Frist for rapportering for prosjekt for skuleåret 2017/2018 er 1. mai 2018.