Samarbeidsmidlar

Alle som tar i mot studentar i praksis frå sosialarbeidarutdanningane ved campus Sogndal er velkomne til å søke om samarbeidsmidlar.

Samarbeidsmidlane skal nyttast til prosjekt eller tiltak som fremjar samarbeid mellom praksisinstitusjonane og HVL sine bachelorutdanningar i barnevern, sosialt arbeid og vernepleie på campus Sogndal.

Utlysing for 2018/2019

Søknadsfristen for studieåret 2018/2019 er 15. juni 2018.  

Søknadsskjema

Om samarbeidsmidlane

Samarbeidsmidlane skal bidra til eit meir aktivt samarbeid mellom praksisfeltet og HVL, og til å betre kvaliteten på praksisopplæringa. Kompetansehevande tiltak der ein styrkar tenesteytinga i feltet kan òg ha positiv innverknad på studentane sitt læringsutbytte i praksis.

Søknadar som dreier seg om å auke rettleiingskompetansen til tilsette i feltet vil bli prioriterte.