Tilbod til praksisrettleiarar

Vi vil gjerne gi fagleg påfyll til deg som er praksisrettleiar.

Rettleiarsamlingar/førpraksisseminar

Før kvar praksisperiode har vi samlingar der kontaktlærar, praksiskoordinator og praksisrettleiarar møtest. 

HVL dekker reise og opphald ved desse samlingane. 

Vidareutdanning i rettleiing

Innføring i rettleiing er ei vidareutdanning du som praksisrettleiar får dekka semesteravgifta til.

Du lærer meir om rettleiingsfeltet, og korleis du kan bruke rettleiing i ulike arbeidssituasjonar. 

Vidareutdanninga går på hausten, og det er lagt opp til 4 to-dagarssamlingar. 

Les om vidareutdanninga

Rettleiarkonferansen

Kvar haust arrangerer vi ein konferanse for dei som driv med rettleiing. Som praksislærar får du dekka deltakaravgift, reise og opphold.