Utlysing av samarbeidsmidlar for studieåret 2020/2021 i Førde
Søknadsfrist 3. mai 2020
Føremål med samarbeidsmidlane
I tråd med føringar frå departementa skal samarbeidsmidlane bidra til:
- auke aktivt samarbeid mellom Fakultet for helse- og sosialvitskap ved campus Førde og praksisfeltet
- betre kvaliteten i praksis og praksisopplæringa
- styrke koplinga mellom utdanning og fagutviklingsprosjekt i praksisfeltet
- utvikle berekraftige forsking- og utviklingsmiljø (FoU) i samarbeid mellom praksisfeltet og Fakultet for helse- og sosialvitskap ved campus Førde.
Kven kan søkje og i kva tidsperiode?
- Tilsette ved aktuelle praksisplassar for Fakultet for helse- og sosialvitskap, campus Førde, tilsette ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, campus Førde
- Midlane kan nyttast heile det komande studieåret (1. august 2020– 31. juli 2021)
- Det er mogleg å søkje støtte til allereie pågåande prosjekt
Vilkår for å søkje - alle punkta må vere oppfylt
- Det må vere eit samarbeidsprosjekt mellom praksisfeltet og Fakultet for helse- og sosialvitskap, campus Førde
- Det må kome studentane på praksisplassen til nytte
- Rapportering av tildelte midlar for inneverande år skal vere gjennomført innan fristen.
Fokusområde
Tildelinga av samarbeidsmidlar kan ha eit eller fleire av følgjande fokusområde:
- Praksismodellar – nye måtar å organisere praksis og auke kapasitet i praksisstudia
- Prosjekt som inneheld tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS)
- Implementering av nye nasjonale retningslinjer for sjukepleieutdanning (RETHOS). Sjå nasjonale retningslinjer fase 1 for meir informasjon.
- FoU som bidrar til å fremme Fakultet for helse- og sosialvitskap sin strategi.
- Systematisk oppbygging av rettleiingskompetansen i praksisfeltet (FHS gjennomfører årleg innføringskurs i rettleiingspedagogikk, 15 studiepoeng)
- Kvalitetsprosjekt i praksis og pasienttryggleik
- Kombinerte stillingar mellom HVL og praksisfeltet. Målsetting og kriterier for kombinerte stillingar er omtalt i eit eige dokument.
Søknadsskjema
Alle punkt i søknadsskjemaet skal fyllast ut og sendast som eitt PDF-dokument. Søknadane vil bli vurdert i høve til følgjande kriterium:
- Føremålet med samarbeidsmidlane
- Nytteverdi for studentane i praksis
- Relevans for ovannemnde fokus i 2020/2021
- Kvalitet og moglegheit for gjennomføring av prosjektet
- Samanheng med plandokument og prioriteringar hos samarbeidspartane
- Søknadar om kombinerte stillingar vert også vurderte etter nokre tilleggskriterium (sjå eige dokument)
- Budsjett: Standardsatsen for lønskostnader er 500 kr per time. Det vert ikkje rekna inn overhead i samarbeidsmidlane.
Fagmiljø med spesielle behov kan verte prioritert utover dei ovannemnde kriteria.
Søknaden sendast på e-post til post@hvl.no som PDF fil. Merk e-posten med: «Samarbeidsmidler 2020/2021 - Fakultet for helse- og sosialvitskap - Institutt for helse- og omsorgsvitskap – Førde Sak: 20/02249»
Rapportering og utbetaling
Rapportering vert gjort på eige skjema. Skjemaet vert tilsendt på e-post. Midlane vert utbetalt etter rapportering.