Skrivehalvtimen

Er du student og skal i gang med å skrive oppgåve? Lurer du på korleis du går frå tema til problemstilling? Har du god struktur og flyt i teksten din? Bruk Skrivehalvtimen!

Kva skjer i Skrivehalvtimen?

Skrivehalvtimen begynner med å definere kva du treng hjelp med. Ta med nokre idear, ei skisse, eller eit utkast av ein tekst du jobbar med. Du kan òg kome med konkrete spørsmål rundt skrivearbeidet. Gjennom dialog ser vi på kva grep du kan gjere for å kome vidare med oppgåva di.

Merk at Skrivehalvtimen er meint som eit tilleggstilbod. Det erstattar ikkje rettleiing frå faglærarar.

Tenesta varer inntil ein halvtime.

Når og kvar treff du oss?

Bergen

Vi rettleier fysisk og digitalt.

Du møter oss:
Digitalt på tysdag, onsdag og torsdag, kl. 13-17.
Fysisk på onsdag og torsdag, kl. 13-17 på D130 (rommet bak biblioteket) eller K109 (i sjølve biblioteket). Spør i skranken! 

Bestill time

Sogndal

Vi rettleier fysisk og digitalt.

Du møter oss:
Digitalt på tysdag, onsdag og torsdag, kl. 13-17.
Fysisk på tysdag kl. 13-17 på rom H4099 i biblioteket. Spør i skranken! 

Bestill time

Stord

Vi rettleier fysisk og digitalt.

Du møter oss:

  • Digitalt tysdag, onsdag og torsdag, kl. 13-17.
  • Fysisk måndagar kl. 10-14, bestill avtale under. 
Bestill time

 

Førde, Haugesund

Vi rettleier digitalt tysdag, onsdag og torsdag, kl. 13-17. 

Bestill time

Følg oss også på Facebook og Instagram (@skrivesenterethvl), der deler vi stadig ut gode skrivetips.

For spørsmål om tenesta, kontakt skrivehalvtimen@hvl.no

Kven er vi?

bilde av Silje

Silje

Eg er 23 år og kjem frå Voss. Eg går fjerde året på grunnskulelærarutdanninga 1.-7. klasse, og tek master i norsk. Eg er skriverettleiar på biblioteket i Bergen torsdagar kl 13.00-17.00. Kom gjerne innom dersom du har spørsmål eller treng hjelp med oppgåva di!

bilde av Åsne

Åsne

Jeg er 23 år og kommer fra Stavanger. Jeg går fjerde året på grunnskolelærerutdanning 1.-7. trinn, og sitter som skriveveileder på biblioteket i Bergen hver mandag fra kl. 13.00-17.00. Håper på å se deg der! Som masterstudent i norsk er jeg interessert i litteratur og språk. Ellers har jeg samfunnsfag og bærekraftig utvikling i min fagkrets. På fritiden er jeg glad i å gå på tur, både med og uten ski.

bilde av Ole

Ole

Eg er 30 år og kjem frå Bergen. Her ved HVL jobbar eg både som skriverettleiar og vitskapeleg assistent. Eg har fullført 4-årig grunnskulelærarutdanning 5.-10 trinn med norsk, kunst og handverk og norsk teiknspråk, og ein bachelor i teiknspråk og tolking. Eg kan hjelpe deg med akademisk skriving på Bachelor- og masternivå. Du finn meg på biblioteket måndagar frå kl. 13 til 17. Gler meg til å dykke ned i teksten med deg!

bilde av Ingrid Emilie

Ingrid Emilie

Jeg jobber på biblioteket som bibliotekar og skriveveileder. Jeg har en master i idrettsvitenskap, en bachelor i friluftsliv og studerer PPU ved siden av jobb. Arbeid med tekst, disposisjon, søk og referanser er noe av det jeg kan hjelpe deg med i skrivehalvtimen. Min erfaring er at det hjelper alltid med et ekstra blikk på arbeidet man holder på med. Velkommen til meg så kan vi jobbe med tekst sammen! Du finner meg på biblioteket i Sogndal, og kan booke time hver tirsdag fra kl. 13 -17.

bilde av Amanda

Amanda

Jeg er 28 år og kommer fra Bergen. Jeg går femte året på grunnskolelærerutdanningen 1-7, med norsk som mitt masterfag. Jeg skriver master innen litteratur og trives i skrive- og masterprosessen. Jeg er skriveveileder på skrivehalvtimen torsdager 13.00-17.00. Hvis du trenger hjelp med teksten/oppgaven din, er du hjertelig velkommen innom til oss på skrivesenteret!

bilde av Johannes

Johannes

Eg er 28 år og kjem frå Svelvik. Her ved HVL Sogndal tek eg den toårige masterutdanninga i Climate Change Management. Ein dag i veka jobbar eg med Skrivehalvtimen. Der kan me saman løysa små og store utfordringar med teksten din. Erfaringa mi er at skriverettleiing har positiv innverknad på skriveprosessen og den ferdige teksten. Jo tidlegare ein får rettleiing undervegs i arbeidet, jo betre. Kom med den teksten du har, så tek me det derifrå. Velkommen!

 

Skrivesenter

Skriverettleiingstilbodet i biblioteket blir organisert av Skrivesenteret ved HVL. Skrivesenteret står bak Skrivehalvtimen, skriveverkstader og kurs i akademisk skriving.

Ph.d.-kandidatar og forskarar er velkomne til å ta kontakt gjennom skrivehalvtimen eller andre kanalar for manusrettleiing.