Be om grunngjeving

Fristen for å be om grunngjeving for karaktersetting, er ei veke etter at sensuren er publisert. For munnleg/praktisk eksamen er fristen éin dag. Sensor vel om grunngjevinga skal bli gitt munnleg eller skriftleg. Grunngjevinga blir normalt gitt innan to veker etter at studenten har bedt om det.

Du har rett til å klage på karakteren innan tre veker etter at karakteren er publisert eller tre veker etter at du har motteke grunngjeving på karakteren.

Fyll ut og send inn skjemaet under for å be om grunngjeving. Hugs å dobbeltsjekke at du fyller ut skjemaet med riktig informasjon. Du finner korrekte emnekoder og kandidatnumre på Studentweb, ikkje på Canvas.

Grunngjeving for karaktersetting