Brukarkonto

Som HVL-student får du tildelt ein brukarkonto og e-postkonto til høgskulen sitt dataanlegg.

Viktig informasjon frå høgskulen blir sendt til denne e-postadressa, og du er pliktig til å sjekke den jamnleg. Brukarkontoen din brukar du til innlogging på høgskulen sine system, som studentepost, læringsplattform (itslearning/fronter/canvas), innleverings- og eksamenssystemet WISEflow, trådlaust nettverk, Office365 med meir.

  • E-postadressa di er dittstudentnummer@stud.hvl.no.
  • Brukarnamnet ditt er studentnummeret ditt.
  • Studentnummeret finn du i Min profil på Studentweb.
  • Pinkode har du fått tilsendt på SMS.

Aktivere konto

For å ta i bruk HVL-brukarkontoen din må den aktiverast. Det gjer du ved å logge på https://konto.hvl.no og lage deg eit passord. Du loggar på med brukarnamn (studentnummer) og pinkode.

Passord

Passordet skal ha ein kombinasjon av bokstavar og tal, og må innehalde minst 9 teikn. Dersom du tastar feil passord så mange gonger at kontoen din blir låst, vil kontoen låse seg opp igjen av seg sjølv etter ca. 10 minutt, og du kan prøve igjen.

Feidepålogging

Feide er eit system for felles elektronisk identifikasjon av brukarar i utdanningssektoren. Når du skal logge på ei teneste med Feide, blir du sendt til Moria, som er ei felles innloggingsteneste for alle Feide-tenester. Bruk det same brukarnamnet og passordet ved pålogging via Feide som til HVL-brukarkontoen din.

Slik loggar du på med Feide:

  • vel «tilhørighet: Høgskulen på Vestlandet»
  • klikk «fortsett» og skriv inn brukarnamn (studentnummeret ditt) og passord
  • klikk «logg inn» og du vil bli sendt til tenesta

Gløymt passord

Dersom du har gløymt passordet ditt, kan du lage eit nytt ved å logge på https://konto.hvl.no med brukarnamn (studentnummeret ditt) og pinkode. Du kan ikkje velje eit passord som du har brukt tidlegare.

Avslutning av konto

Brukarkontoen din blir sperra når du har fullført, eller av andre grunnar avsluttar studiet. Du er sjølv ansvarleg for å kopiere ut data du ønskjer å ta vare på før studiet er avslutta og kontoen blir sperra. Dersom du ønskjer å halde fram å bruke Office 365 og MS Office programvare som du har hatt tilgang til som student ved HVL, må du teikne eit nytt abonnement hos Microsoft.