Studierettleiing økonomi, samfunnsvitskap og maritime studium
Studierettleiarane våre kan hjelpe deg med spørsmål om opptak, studium, utdanningsplanar, eksamen, utveksling og annan rettleiing i løpet av studietida.
Du kan óg få hjelp med innpassing av utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar, gradsoppnåing og vitnemål.
Få rettleiing på din campus
Campus Bergen
Vi er her for deg! Du som student kan bestille tid for studierettleiing eller ta kontakt på e-post. Du kan få time til rettleiing til og med veke 24. Veke 33–35 blir det drop-in rettleiing. Du kan booke time frå veke 36.
Ta gjerne kontakt på e-post om du har spørsmål om til dømes utdanningsplan, eksamen, fagval og StudentWeb. Det er mange ting våre dyktige studierettleiarar og tilsette i praksisadministrasjonen kan løyse via e-post.
Du får raskt svar ved å send ein e-post til FOS-studierettleiar@hvl.no.
Du kan bestille samtale til desse tidspunkta (frå veke 36)
Bachelorgrad
- Tysdag 09.00-11.00
- Torsdag 09.00-11.00
Mastergrad
- Onsdag 09.00-11.00
- Fredag 09.00-11.00
Studierettleiarane kan hjelpe deg med:
- Spesiell tilrettelegging av studiet
- Permisjon
- Reglement
- Innpassing av emne frå andre lærestader
- Administrativ oppdatering av utdanningsplan (f.eks. hente inn emner utanfor utdanningsplan, rydde i utdanningsplan, endre kull etter permisjon)
- Informasjon om masterprogrammer ved fakultetet
I tillegg har alle studieprogram ved fakultetet ein fagleg studiekoordinator som kan hjelpe deg med faglege spørsmål.
Studentrådgivinga i K2
Nokon gongar treng du tilrettelegging eller ein pause frå studiet. Kanskje vil du søke om godskriving av emne frå ein annan institusjon, eller ta eit studieopphald i utlandet? Vi kan gi deg råd og rettleiing i slike situasjonar. Vi er her for deg!
Hos studentrådgivinga i K2 finn du:
- Studierettleiarar frå ditt fakultet
- Eining for læringsmiljø og læringsstøtte
- Opptak og rekruttering
- Studentombodet
- Representantar frå studentdemokratiet ved HVL
Campus Haugesund
- Nautikkutdanning og master i maritime operasjonar: Anna Therese Nesheim Østhus
- Økonomi- og administrasjonsutdanning: Gro-Mette Rønning Eikemo
Campus Førde
- Master i organisasjon og leiing: Irene Wolff Menes
Kva vil du vite meir om?
- TilretteleggingHar du behov for spesiell tilrettelegging for å få ein best mogleg studiekvardag?
- Eksamen og oppgåveSkal du ta eksamen eller levere inn ei oppgåve? Her finn du svar.
- EksamenskodenHer finn du gode råd om eksamen og mestring av studiekvardagen.
- PraksisSkal du ut i praksis? Her finn du praksisinformasjon for studiet ditt.
- PermisjonTreng du ei pause frå studia eller eksamen? Dette må du kjenne til.
- UtvekslingOpplev verda medan du studerer! Reis på utveksling med HVL.
- VitnemålDu får automatisk tilsendt vitnemål når siste sensur er registrert.
- KarakterutskriftHar du behov for karakterutskrift, bestiller du dette i Studentweb.
- GodskrivingHar du utdanning frå før og som du trur passar inn i studieløpet ved HVL?
- Mentor via NAVHar du tiltaket «opplæring i ordinær utdanning gjennom NAV» kan du få tilskot til mentor.
- OverflyttingHar du starta utdanninga di ein anna stad, men ønskjer å fullføre hos HVL?
- Sjølvvald bachelorgradDu kan få ein sjølvvald bachelorgrad på grunnlag av 180 studiepoeng.
- StudierettSlik går du fram om du treng lenger tid til å fullføre studiet ditt.