Studierettleiing lærarutdanning, kultur og idrett

Studierettleiarane våre kan hjelpe deg med spørsmål om opptak, studium, utdanningsplanar, eksamen, utveksling og annan rettleiing i løpet av studietida.

Du kan óg få hjelp med innpassing av utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar, gradsoppnåing og vitnemål.

Slik kontaktar du oss

Nedanfor finn du kontaktinformasjon til studierettleiarane på dei ulike studiestadane. Har du spørsmål om praksis finn du kontaktinformasjon knytt til dei ulike utdanningane via FLKI si nettside om praksis.

Få rettleiing på din campus

Campus Bergen

Vi er her for deg! Du som student kan bestille tid for studierettleiing eller ta kontakt på e-post. Du kan få time til rettleiing til og med veke 24. Veke 33–35 blir det drop-in rettleiing. Du kan booke time frå veke 36.

Ta gjerne kontakt på e-post om du har spørsmål om til dømes utdanningsplan, eksamen, fagval og StudentWeb. Det er mange ting våre dyktige studierettleiarar og tilsette i praksisadministrasjonen kan løyse via e-post.

Du får raskt svar ved å fylle ut kontaktskjemaet her

Frå veke 36 kan du bestille samtale til desse tidspunkta:

BLU og barnehagekunnskap

  • Tysdag kl. 13.00-15.00
  • Torsdag k. 13.00-15.00

GLU1-7, FHA, MA-BUL, MA-UND, MA-SAMF

  • Tysdag kl. 10.00-12.00
  • Onsdag kl. 11.00-13.00

GLU5-10.trinn og PPU:

  • Tysdag kl. 12.00-13.00
  • Onsdag kl. 13.00-14.00

Tegnspråk og tolking, Faglærar i idrettsfag og kroppsøving, Faglærar i musikk, Lærerutdanning i praktisk-estetiske fag 1-13 og Master i kunstfag

  • Måndag kl. 13.00-14.00
  • Torsdag kl. 12.00-13.00

Bestill time for rettleiing

Vi er her for deg!

 
Studentrådgivinga i Bergen

Campus Stord

Må eg bestille time, eller kan eg banke på?

For at studierettleiarane våre skal kunne jobbe effektivt, er det alltid ein fordel at dei veit at du kjem. Difor er det fint om du kan bestille time via e-post direkte til din studierettleiar. Nemn gjerne kort kva du ynskjer hjelp til. 

Når du møter til timen din, kom alltid innom Servicetorget først, så vil me sjekke at studierettleiaren din er klar til å ta i mot deg.

Dersom du ikkje har bestilt time, men har behov for å snakke med nokon, kom innom Servicetorget så finn me ei løysing. Vi er her for deg.

Campus Sogndal

Kva vil du vite meir om?