Medisinsk testing og vaksinering, Bergen

Ikkje utsett deg sjølv eller andre for smitte.

Hepatitt B

Som student ved bioingeniørutdanning, master jordmorfag og master i klinisk sjukepleie med spesialitetane anestesisjukepleie, barnesjukepleie, intensivsjukepleie og operasjonssjukepleie, kan du risikere å bli utsett for smitte i løpet av utdanninga, og du kan også risikere å smitte pasientar. Vi tilrår deg difor å la deg vaksinere deg mot hepatitt B om du ikkje allereie er vaksinert. Du er sjølv ansvarleg for å få tatt dei tilrådde vaksinane. Vaksineringa bør vere fullført før du har kontakt med pasientar.

Du finn meir informasjon om vaksinering i Smittevernloven §6.1

Er du usikker på kva vaksiner du har teke og når, kan du sjekke her. Folkehelseinstituttet har registrert alle norske vaksiner som er tatt i 2011 og seinare. 

Hepatitt B- vaksinen består av 3 dosar som blir sett med sprøyte. Det skal gå minst ein månad mellom 1. og 2. dose, og minst 5 månader mellom 2. og 3. dose. Du må òg kontrollere nivået av hepatitt B-antistoff 1-3 månader etter 3. vaksinedose for å vere sikker på at kroppen har respondert på vaksinen.

Over 96 % av alle vaksinerte oppnår livsvarig vern etter fullvaksinering med tre dosar. I nokre tilfelle blir det gitt fire dosar eller meir.

Når du bestiller time hos fastlegen din må du opplyse om at konsultasjonen gjeld hepatitt B-vaksinasjon slik at vaksinen kan bestillast hos Folkehelseinstituttet god tid i førevegen. Du skal ikkje betale for sjølve vaksinen når den blir bestilt frå Folkehelseinstituttet, berre konsultasjonshonoraret til fastlegen.

Tuberkulose (BCG-vaksine)

Tuberkulose er ein bakteriesjukdom som smittar med luftsmitte. Det er lite tuberkulose i Norge i dag, og det gis derfor ikkje rutinemessig BCG-vaksine til norske barn i barnevaksinasjonsprogrammet.

Fram til 1. juni 2018 har det vore tilrådd at alt helsepersonell og alle studentar i helsefag med forventa pasientkontakt i over 3 månadar, får tilbod om BCG-vaksinasjon. Etter denne datoen vert det ikkje lenger gitt ei slik generell tilråding.

Folkehelseinstituttet si tilråding om BCG-vaksine i yrkessamanheng vil vanlegvis berre omfatte helsepersonell i spesialisthelsetenesta som over tid (ca. 3 månadar) skal arbeide med:

  • vaksne pasientar med smittsam lungetuberkulose
  • dyrking av mykobakterier i mikrobiologisk laboratorium

Ved særlige forhold og etter individuell vurdering kan BCG-vaksine også være aktuell for enkelte andre medarbeidar i helsetenesta, i fengsel eller i ankomstmottak, eller ved utanlandsreiser.

Sjå også kapittel om yrkesvaksinasjon i Vaksinasjonsveilederen for helsepersonell (FHI)

Også studentar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett må vise tuberkulintest om dei har opphalde seg meir enn tre månader i land med høg førekomst av tuberkulose.

Kor kan du vaksinere deg?

Vaksinen mot hepatitt B kan settast av fastlegen din. Sjå «Informasjon til lege om vaksinering mot hepatitt B» for viktig informasjon om bestilling av vaksine.

Har du ikkje fastlege i Bergen? Du kan sjølv skifte fastlege på Helseøkonomiforvaltninga sine nettsider. 

Om du har behov for BCG-vaksine, kan du ta den hos helsesøster, 7 Fjell legesenter eller på smittevern-/reisemedisinkontoret i kommunen din før studiestart. Merk at dei fleste fastlegar ikkje har utstyr eller kompetanse til å sette BCG- vaksinen. 

Refusjon av utgifter

Vaksine mot hepatitt B blir finansiert over statsbudsjettet og blir levert kostnadsfritt frå Folkehelseinstituttet. Det føreset at du ved timebestilling ber om at vaksinen blir bestilt frå Folkehelseinstituttet på blå resept. Vaksinar du har betalt for sjølv vil ikkje bli refundert.  

Høgskulen dekkjer ingen utgifter i samband med vaksinering.