Meticillinresistente gule stafylokokker (MRSA)

Før du skal ha praksis eller klinisk undervisning ved ein helseinstitusjon, kan du ha plikt til å teste deg for Meticillinresistente gule stafylokokker (MRSA).

Dette kravet gjeld om du i løpet av dei siste 12 månadane har vore i eit land utanfor Norden og der har:

  • arbeida som helsearbeidar, på barneheim eller i ein flyktningleir
  • vore innlagt på helseinstitusjonar, fått omfattande undersøking eller behandling i ei helseteneste (ver merksam på at tatoveringar utført i utlandet er ein risiko).

Du er også pliktig til å la deg undersøke for MRSA om du har:

  • budd i same husstand som MRSA-positive, eller hatt nær kontakt med MRSA-positive utan å nytte beskyttelsesutstyr.
  • tidlegare fått påvist MRSA, men ikkje seinare hatt tre negative kontrollprøver. Om MRSA er påvist i løpet av dei siste 12 månadane, må du teste deg for MRSA sjølv om seinare MRSA- prøvar har vore negative.
  • kliniske symptomar på hud-eller sårinfeksjon, kroniske hudlidingar eller har lagt inn medisinsk utstyr gjennom hud eller slimhinner, og har oppholdt deg samanhengande i meir enn 6 veker i eit land utanfor Norden i løpet av dei siste 12 månadane.
  • på andre måtar vore utsett for smitte i Norge, eller i utlandet i løpet av dei siste 12 månadane, eller om det er mistanke om smitte. 

Du kan lese meir om MRSA på Folkehelseinstituttet sine heimesider: www.fhi.no.

Undersøking for MRSA

Om det ut frå kriteria over er behov for MRSA- prøvetaking, er du sjølv ansvarleg for å bli undersøkt. Det er Seksjon for pasientsikkerhet ved Haukeland universitetssjukehus som gjør den medisinske testinga av studentar ved fakultetet som skal ha klinisk undervisning eller praksis på sjukehuset. Testing blir utført i 1. etasje på Hudbygget tirsdag og torsdag kl. 08.30. Du må ringe og avtale prøvetaking på førehand (telefonnummer 55 97 57 17).

Er du student, og skal ha praksis andre stader på helseinstitusjon enn Haukeland universitetssjukehus, må du kontakte fastlegen din for å teste deg for MRSA. Det kan vere strengare krav til dokumentasjon ved nokre praksisplassar der du må levere til dømes ein eigenerklæring.

Prøven blir tatt frå nase og hals, og det tar vanlegvis to til fire dagar å få svar på prøva. Svar må vere klart før du kan begynne i praksis.

Helsefagstudentar med krav om medisinsk testing skal ikkje betale for undersøking for MRSA. 

Konsekvensar ved positiv MRSA-prøve

Om prøven er positiv kan du ikkje delta i praksis eller klinisk undervising, og du må melde frå til praksiskontoret FHS. Du må gjennomgå behandling, og levere tre negative prøver før du kan fortsette den kliniske undervisinga. Ein positiv prøve kan føre til at du ikkje får normal studieprogresjon ettersom du ikkje kan følge klinisk undervising saman med kullet ditt. Positiv prøve er ikkje til hinder for å følge den teoretiske delen av studia.