Tuberkulose

Dersom du i løpet av dei tre siste åra har opphalde deg minst tre månadar i land med høg førekomst av tuberkulose, kan du måtte gå gjennom ei tuberkuloseundersøking før du kan gå ut i praksis.

Testing

Quantiferon-testen skal takast 8–10 veke etter heimkomst/mulig eksponeringstid. Svar på røntgen thorax skal være negativ før ein kan begynne i praksis. 

Om prøven er positiv, må du gjennomgå behandling. Ein positiv prøve kan, avhengig av smittestatus, medføre at du ikkje kan følge klinisk undervising saman med kullet ditt, og kan difor påverke studieprogresjonen din. Positiv prøve er ikkje til hinder for å følge den teoretiske delen av studia. Meld frå til studierettleiar for vidare oppfølging.

Dersom du skal på utveksling til eit land med høg førekomst av tuberkulose, bør du bestille time for testing av tuberkulose før du reiser.

Her kan du finne meir informasjon om: 

Vaksinering

Fram til 1. juni 2018 har det vore tilrådd at alle studentar i helsefag med forventa pasientkontakt i over 3 månadar får tilbod om BCG-vaksinasjon. Etter denne datoen vert det ikkje lenger gitt ei slik generell tilråding.