Informasjon om covid-19 og praksis hausten 2020

Her finn du informasjon knytt til koronasituasjonen når du skal i praksis innan lærarutdanning, kultur og idrett.

Oppdatert 30. oktober 2020

Praksis for studentar går i utgangspunktet som planlagt. Unntaket er i dei tilfella der smittevernmyndigheitene har fastsatt at ein praksistad ikkje kan ta imot studentar. Vi forheld oss altså til dei anbefalingane som smittevernmyndigheitene kjem med til eikvar tid.

Ver merksam på at situasjonen knytt til koronapandemien og retningslinjene frå nasjonale og lokale myndigheiter stadig er i endring. Som student må du difor halde deg oppdatert på informasjon i Canvas og på denne nettsida. I tillegg må du forhalde deg praksisstaden sine retningslinjer.

Praksis er ein viktig del av dei aller fleste utdanningane ved fakultetet, i tillegg til undervisninga. I samspel er det dette som gjer deg som student best mogleg rusta til å gå ut arbeidslivet når utdanninga er gjennomført.

Tre ekstra førebuingstiltak før praksis 

Som student skal du vere godt førebudd til å møte kvardagen i praksis. Seinast fem dagar før praksisstart skal du gjennomføre eit digitalt smittevernkurs. Du skal også gjere deg kjend med Utdanningsdirektoratet sin rettleiar for smittevern før du møter opp.

Før du gjer dette, skal du lese om «trafikklysmodellen», som viser kva smitteverntiltak barnehagar og skular skal følge.

1) Les informasjon om «trafikklysmodellen»

2) Les gjennom Udir sin rettleiar for smittevern

Du finn dei ulike rettleiarane på Udir sine nettsider  

Her er direkte lenke til dei ulike rettleiarane:

3) Gjennomfør digitalt smittevernkurs

Kurset er utarbeidd av Bergen kommune og gjort tilgjengeleg via KS sin læringsplattform.

Du loggar deg inn via ID-porten og gjennomfører kurset på ca. 1 time med påfølgjande test.

Ved påloggingsproblem skal du ta kontakt med KS Læring sin brukarstøtte på telefonnummer 24 13 28 50.

Når testen er bestått, får du kursbevis som du lagrar og sender som vedlegg i e-post til praksislærar.

NB: Første gong du går inn på sida, må du opprette ein brukar. Her er det viktig å fylle ut dei obligatoriske felta. Når brukaren er oppretta, får du tilgang til å gjennomføre kurset. 

Har du spørsmål? Ta kontakt med din praksiskoordinator.

Ta kontakt med praksisstad seinast 10 dagar før praksis

Studentar som skal i praksis, blir rekna som tilsette på praksisstaden og må følgje dei retningslinjene som gjeld for den enkelte praksisstad, i tillegg til generelle smittevernråd frå FHI. Det er difor viktig at du tek kontakt med praksisstaden din i god tid (seinast 10 dagar) før praksis slik at du kan få eventuelle retningslinjer som gjeld for din praksisstad.

Studentar i risikogruppe 

Dersom du ikkje kan møte i ordinær praksis fordi du tilhøyrer ei risikogruppe og har dokumentasjon på dette, må du snarast ta kontakt med Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Du vil då få informasjon om moglegheit for tilrettelegging. 

Koronarelatert fråvær (oppdatert 8. september 2020)

Dersom du får koronarelatert fråvær i praksis gjeld dette:

  • Du må snarast sende e-post til både praksiskoordinator for ditt studium og praksislærar/-rettleiar på praksisstaden. I e-posten må du skrive kva som er årsaka til fråværet, til dømes karantene, isolasjon eller symptom på luftvegsinfeksjon. Les meir i Udir sine rettleiarar for barnehagar og skular.

Individuell oppfølging av koronarelatert fråvær

  • Praksislærar/-rettleiar samarbeider med deg om moglegheit for å legge til rette for praksisnære alternative aktivitetar som kan gjennomførast digitalt og/eller utan at du er fysisk til stades i praksis.
  • Som student må du oppnå læringsutbytte for praksis. Praksislærar/-rettleiar og profesjonsrettleiar/studiekoordinator samarbeider om å vurdere om du kan få praksis vurdert til bestått eller om du må ta igjen noko av den praksisen du har mista.

Nyttige lenker

Følg med på FHI si nettside om korona 

Generell informasjon frå HVL om studentar i risikogruppa og studentar som ikkje kan møte fysisk i praksis.

Tidspunkt, retningslinjer og emneplanar for praksis i di utdanning finn du her