Musikkstudent får rettleiing av lærar

Praksis i faglærar musikk

I løpet av alle tre studieåra skal du gjennomføre 70 dagar praksis.

Før praksisstart

Tildeling av praksisplass

HVL har avtalar med faste praksisskular og praksisadministrasjonen fordeler praksisplassar til studentane. 

Reisetid på inntil 1,5 time kvar veg frå bustad til praksisstad vert rekna som normalt. I nokre av praksisperiodane må studentar rekne med å bu på praksisstaden då avstanden er for stor til å pendle. 

Praksiskoordinator publiserer oversikt over praksisgrupper fordelt på praksisskular i Canvas før kvar praksisperiode.  

Før praksis må du lese dette

Du bør også gjere deg kjend med studieplan for faglærarutdanninga i musikk

Førebuing til praksis

Du vil få informasjon før kvar praksisperiode om korleis den skal planleggast. 

Det vert også arrangert praksisførebuande møte med praksislærarar før kvar praksisperiode. Møtedato kjem i august. 

Tidspunkt for praksis og møte

Praksis 3. studieår 2023-2024

Praksis vert fordelt over haust -og vårsemesteret. Studentane skal gjennom 1 veke praksis (25 timar) på ein folkehøgskule, samt 1 veke praksis i vidaregåande skule eller vidaregåande opplæringsarenaer ( timar) + 20 timar rettleiing (10 timar pr. praksisstad). Vurderingsarbeid vert teken frå rettleiingsressursen. Praksisen vert organisert som intensive praksisveker + noko observasjon utanom. Studentane vert fordelt på praksisstadar gjennom studieåret.

Innhald og organisering:

Studentane skal vere til stade på praksisstaden minimum 4 timar kvar dag, og 3 av desse timane må vere knytt til undervisningsaktivitetar. Deler av praksisen kan gjennomførast som observasjonspraksis, men det er ynskjeleg at studentane så langt det let seg gjere, får gjennomføre undervisningsaktivitetar kvar dag i praksis. I tillegg skal ein leggje opp til at studentane får mest mogleg undervisningserfaring på kvar praksisarena. Studentane må pårekne noko praksis på kveldstid då dette er ein viktig del av praksisen sin eigenart. Praksisfag blir avtalt mellom praksislærar og praksisstudent. Praksisen vert gjennomført i grupper på 4-5 studentar, men studentane kan verte fordelt på ulike undervisningsfag og faglærarar ved praksisstaden.  

Tidspunkt for praksis studieåret 2023-2024:

Ensemblepraksis frå 2.studieår: 15t praksis ved ensemblet BIT20 fordelt på 17.november, 14. desember og 15. desember. 

16.-20.oktober : 1 veke praksis på Fana Folkehøgskule

8.-12.januar : 1 veke praksis på Firda Vidaregåande skule

 

Studentane sine praksisoppgåver

Studentane har eigne praksisoppgåver knytt til kvar praksisarena. Desse finn ein i eige dokument. Praksisoppgåvene skal inngå som ein del av praksislærar si vurdering av studenten. I tillegg skal studentane planlegge undervisninga i praksis og levere planleggingsdokument til praksislærar innan avtalt frist. Tidspunkt skal vere slik at det er mogleg for praksislærar å gi rettleiing på dette. HVL stiller ikkje krav til kva type planleggingsdokument ein nyttar slik at praksislærar og studentar kan verta einige om kva som er mest hensiktsmessig i forhold til praksisen sin eigenart.

Vurdering av praksis

Om vurdering og innlevering av vurderingsskjema

Praksisrettleiar skal fylle ut skjema for sluttvurdering og eventuelt varsel om fare for ikkje bestått praksis. Nedanfor finn du skjema som praksislærar skal fylle ut.

Innlevering av skjema for sluttvurdering skal gjerast av studenten i Wiseflow. Les meir om rutinar for praksisvurdering og innlevering av vurderingsskjema ved å klikke her. 

Vurderingsskjema

Varsel om fare for ikkje bestått

Ved fare for ikkje bestått praksis skal praksislærar fylle ut skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis". Dette skal skje så tidleg som mogleg og seinast halvvegs i praksisperioden. Deretter vert du kalla inn til rettleiingssamtale der praksislærar går gjennom kva du må forbetre for å bestå praksis. 


Skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis" (nynorsk)
Skjemaet "Varsel om fare for ikke bestått praksis" (bokmål)

  • Dersom praksislærar er i tvil om ein student vil få vurderinga «bestått» i praksisperioden, må praksislærar kontakte fagleg kontaktperson for praksis og praksiskoordinator ved HVL i tillegg til eigen leiar.
  • Praksislærar og fagleg kontaktperson ved HVL held vidare kontakt etter behov gjennom praksisperioden.
  • Praksislærar fyller ut skjema «Varsel om fare for ikkje bestått praksis».
  • Studenten skal få tilbod om samtale med praksisstaden og høgskulen der studenten får svar på spørsmål knytt til varselet og konsekvensar om studenten ikkje består praksis. Praksislærar gjennomfører ein rettleiingssamtale med studenten for å gå gjennom varselet. Ut frå mål og læringsutbytte for perioden skal praksislærar forklare kvifor studenten står i fare for å få vurderinga «ikkje bestått» praksis . Fagleg kontaktperson og/eller praksiskoordinator ved HVL kan delta i samtalar med praksislærar og student ved behov.
  • Praksislærar sender skjemaet «Varsel om fare for ikkje bestått» og eventuelt undervegsvurdering til HVL.
  • Praksiskoordinator ved HVL arkiverer varsel, eventuelt undervegsvurdering og referat frå samtalen mellom student, praksisstad og HVL.
  • Praksislærar gjennomfører jamlege rettleiingssamtalar med studenten der studenten får tilbakemelding på eiga utvikling etter motteke varsel. Praksislærar skriv referat frå samtalane.

Ikkje bestått praksis

  • Dersom praksisperioden vert vurdert til «ikkje bestått» melder praksislærar frå til eigen leiar, fagleg kontaktperson og praksiskoordinator ved HVL.
  • Siste dag i praksis gjennomfører praksislærar sluttsamtale med studenten der dei går gjennom sluttvurderinga. Studenten vert også informert om å ta kontakt med praksiskoordinator for vidare oppfølging.
  • Studenten lastar opp vurderinga i Wiseflow. I tillegg sender praksislærar vurderinga til HVL etter avtale med praksiskoordinator.
  • Praksiskoordinator sender brev til studenten med informasjon om konsekvensar av at praksisperioden er vurdert til ikkje bestått.
  • Praksiskoordinator legg skjema for sluttvurdering inn i det digitale arkivet til HVL.

Evaluering etter praksis

Etter praksis set vi pris på ei evaluering av korleis du har opplevd praksis. Du vil få informasjon om dette i Canvas.

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med praksisadministrasjonen ved FLKI via kontaktskjema

Dette må alle kjenne til: