Praksis i lærarutdanning i praktiske og estetiske fag, trinn 1–13

Praksis er ein sentral del av lærarutdanninga og i løpet av alle fem studieåra skal du gjennomføre 130 dagar rettleia, vurdert og variert praksis. Denne nettsida inneheld retningslinjene for praksis som studentar, praksisfelt og tilsette ved HVL skal kjenne til.

Er du skuleleiar/praksislærar i grunnskulen? 

På sida til praksisfeltet finn du ytterlegare info.

Førebuing til praksis

Dette må du gjere før praksis - rammer for praksis

Før praksis må du:

  • Lese informasjonen på denne nettsida.
  • Søke om politiattest snarast mogleg. 
  • Sikre at du er undervisningsmeld og vurderingsmeld i praksisemnet.
  • Delta på obligatoriske praksisførebuande møte. 
  • Ta kontakt med praksislærar i god tid før praksis startar.
  • Lese emneplan for praksis for ditt studieår: 

Musikk:

Kroppsøving:

Du bør også vere kjend med innhaldet i studieprogramplanen for di utdanning. Den viser målsettingane for praksisopplæringa og vidare omfang og modell for organisering av praksis i utdanninga.

Nedanfor finn du i tillegg nasjonale og lokale føringar for praksis:

Tips til korleis vere ein god praksisstudent

Før praksisstart bør du tenke gjennom spørsmåla under og diskutere dei med praksisgruppa

  • Har eg sett meg grundig nok inn i retningslinjer og emneplan?
  • Korleis ser eg meg sjølv i rolla som lærar?
  • Korleis ser eg på ansvaret mitt som teamdeltakar og medkollega?
  • Korleis forheld eg meg til balansen mellom å vere student og kollega/medarbeidar på ein skule?
  • Kva mål har eg sett meg for praksis?
  • Korleis skal eg følgje opp eigne mål?
  • Korleis skal eg ta ansvar for eiga læring i praksis?
  • Korleis kan eg best gjere nytte av rettleiinga?
  • Korleis gir og tek eg tilbakemelding?
  • På kva måte vil eg ta opp kritiske problemstillingar?
  • På kva måte skal eg møte positiv og negativ tilbakemelding?
  • Korleis vil eg møte eventuelle samarbeidsproblem i praksisgruppa?
  • Korleis kan eg bidra til å lage eit godt samarbeidsklima i praksisgruppa

Tips til korleis vere ein god praksisstudent:

  • Møt presis på praksisskulen til alle timar også til dei du ikkje har ansvar for sjølv.
  • Føl opp arbeid og avtalar du har teke på deg. Det er viktig at alle på praksisskulen kan sjå på deg som ein påliteleg kollega.
  • Ver bevisst på rolla di, elevane ser ikkje på deg som student, men som ein vaksen.
  • Rett deg etter reglementet på skulen, set deg også inn i dei uskrivne normene og reglane.
  • Skriv gjerne logg, den kan brukast som grunnlag for rettleiing.
  • Ver aktiv i rettleiingsøktene, også når medstudentar får rettleiing.
  • Søk opp nødvendig informasjon sjølv og ver aktiv sjølv for å få tak i den informasjonen du treng for å kunne gjennomføre god undervisning.

Praksis i LUPE

130 dagar praksis

Førebuing, planlegging gjennomføring og etterarbeid av praksis er obligatorisk. Sjå krav til oppmøte i praksis.

Praksis utgjer 130 heile arbeidsdagar fordelt slik på dei fem studieåra:

  1. studieår: 40 dagar praksis i grunnskule
  2. studieår: 30 dagar praksis i grunnskule og VGS
  3. studieår: 20 dagar praksis i VGS eller grunnskule
  4. studieår: 25 dagar i VGS
  5. studieår: 15 dagar praksis i VGS eller grunnskule

Praksis i kulturskule eller anna opplæring og formidling knytt til fagleg og kulturelt arbeid med barn, unge og vakse kan erstatte deler av praksis i grunnopplæringa 

I praksisstudiane inngår ulike arbeidsformer i tillegg til planlegging og gjennomføring av eigen og andre (medstudentar og praksislærarar) sin undervisning. Døme på andre arbeidsformer kan vere ulike observasjonsoppgåver, gje/motta kollegaveiledning, utforme refleksjonsnotat, halde innlegg/framlegg, delta på foreldremøte og lærar/personalmøte. 

Praksis kan også føregå på enkelte andre dagar/kveldar i samband med planleggingsdagar, foreldremøte, elevsamtalar, foreldresamtalar, aktivitetsdagar og ekskursjonar.

Tildeling og fordeling av praksisplassar

HVL har faste praksisavtalar og praksisadministrasjonen tildeler og fordeler praksisplassar til studentane. I nokre av praksisperiodane vil du ha moglegheit til å kome med forslag til praksisplass.

Reisetid på inntil 1,5 time kvar veg frå bustad til praksisstad vert rekna som normalt. I nokre av praksisperiodane må studentar rekne med å bu på praksisstaden då avstanden er for stor til å pendle. 

Du kan ikkje ha praksis på eigen arbeidsstad eller der du har nære relasjonar til praksislærar eller der eigne barn er elevar.

Retningslinjer for praksis musikk

Retningslinjer for praksis kroppsøving og idrettsfag

Tidspunkt for praksis 2024-2025

LUPE musikk praksis 24-25

3. studieår

For studentar som har valt GLU-emne:
Haust 24: praksis veke 46-47 (10 dagar). Info om førebuande møte kjem seinare.
Vår 25: praksis veke 11-12 (10 dagar). Info om førebuande møte kjem seinare.

For studentar som har valt musikk-emne:
Info kjem i veke 8.

LUPE kroppsøving praksis 24-25

1. studieår

Haust 24: praksis  i grunnskule veke 42-45 (20 dagar) 
Vår 25: praksis i grunnskule veke 5-8 (20 dagar)
Info om førebuande møte kjem seinare.

2. studieår

Haust 24: ingen praksis
Vår 25: praksis i vidaregåande skule veke 7-8 og 10-12 (25 dagar). Skuledeltaking i grunnskule veke 15 (5 dagar). 
Info om førebuande møte kjem seinare.

Små endringar kan komme i veke 8.

3. studieår 

Haust 24: praksis veke 46-47 (10 dagar)
Vår 25: praksis veke 11-12 (10 dagar)

Studentar som har valt GLU-emne skal ha praksis i grunnskulen haust og vår. Studentar som har valt idrettsemne skal ha praksis i vidaregåande skule på hausten og i frivilleg idrettsliv på våren.
Info om førebuande møte kjem seinare.

Små endringar kan komme i veke 8.

Tidspunkt for praksis 2023-2024

Musikk 23-24

2.studieår

Hausten 2023:

15 dagar praksis grunnskule (ungdomstrinn):

  • Digitalt praksisførebuande møte: tysdag 12.september klokka 14:30-16:00.
  • 5 dagar observasjon veke 39
  • 10 dagar undervisningspraksis veke 40 og 42

Våren 2024:

  • 5 dagar samanhengane observasjon/undervisningspraksis i folkehøgskule i veke 2 eller 3
  • 5 dagar samanhengande observasjonspraksis av undervisning i vidaregåande skule på utdanningsprogrammet musikk, dans og drama (eller valfag innan musikk) i veke 2 eller 3
  • Punktpraksis observasjon/undervisning i ensemble innan fritidsmusikklivet i løpet av veke 12 - 20

Kroppsøving og idrettsfag 23-24

1.studieår

40 dagar praksis i grunnskule. Eitt semester på barnetrinn, eitt semester på ungdomstrinn.

Hausten 2023 - 20 dagar praksis grunnskule

  • 5 dagar observasjonspraksis veke 37.
  • Digitalt praksisførebuande møte tysdag 12.september klokka 14:00-16:00
  • 15 dagar punktpraksis tysdagar og fredagar veke 38 -46 (unnateke veke 41 haustferie)

Våren 2024 - 20 dagar praksis grunnskule

  • 5 dagar observasjonspraksis veke 4.
  • Digitalt praksisførebuande møte måndag 22.januar klokka 14:00-16:00
  • 15 dagar punktpraksis tysdagar og fredagar veke 5-14 (unnateke veke 9 vinterferie og veke 13 påskeferie)

2.studieår

Våren 2024 - 30 dagar praksis

  • Digitalt praksisførebuande møte måndag 29.januar klokka 14:00-16:00
  • 25 dagar praksis vidaregåande skule veke 7-8 og veke 10-12
  • 5 dagar grunnskulepraksis (skuledeltaking) veke 17

 

Vurdering av praksis

Om vurdering og innlevering av vurderingsskjema

Etter avslutta praksisperiode gjev praksislærar studenten ei skriftleg sluttvurdering. Studenten vert vurdert etter karakterskalaen bestått/ikkje bestått. Det er praksislærar og profesjonsrettleiar som i samarbeid fastset karakteren. Praksislærar har ansvar for å involvere høgskulen og rektor i vurderinga dersom det er tvil om studenten har bestått praksis.

Praksislærar informerer studenten om karakteren i ein individuell vurderingssamtale siste dag i praksis. Vurderingsskjema skal signerast av praksislærar og student. Studenten og praksislærar beheld ein kopi kvar.  

Studenten leverer vurderinga digitalt i Wiseflow så snart praksisperioden er avslutta. Les meir om rutinar for praksisvurdering og innlevering av vurderingsskjema ved å klikke her.

Profesjonsrettleiar set karakter i Wiseflow.

Vurderingsskjema LUPE kroppsøving og idrett

Vurderingsskjema musikk

Varsel om fare for ikkje bestått praksis

Ved fare for ikkje bestått praksis skal praksislærar fylle ut skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis". Dette skal skje så tidleg som mogleg og seinast halvvegs i praksisperioden. Deretter vert du kalla inn til rettleiingssamtale der praksislærar går gjennom kva du må forbetre for å bestå praksis. 

Skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis" (nynorsk)
Skjemaet "Varsel om fare for ikke bestått praksis" (bokmål)

  • Dersom praksislærar er i tvil om ein student vil få vurderinga «bestått» i praksisperioden, må praksislærar kontakte fagleg kontaktperson for praksis og praksiskoordinator ved HVL i tillegg til eigen leiar.
  • Praksislærar og fagleg kontaktperson ved HVL held vidare kontakt etter behov gjennom praksisperioden.
  • Praksislærar fyller ut skjema «Varsel om fare for ikkje bestått praksis».
  • Studenten skal få tilbod om samtale med praksisstaden og høgskulen der studenten får svar på spørsmål knytt til varselet og konsekvensar om studenten ikkje består praksis. Praksislærar gjennomfører ein rettleiingssamtale med studenten for å gå gjennom varselet. Ut frå mål og læringsutbytte for perioden skal praksislærar forklare kvifor studenten står i fare for å få vurderinga «ikkje bestått» praksis . Fagleg kontaktperson og/eller praksiskoordinator ved HVL kan delta i samtalar med praksislærar og student ved behov.
  • Praksislærar sender skjemaet «Varsel om fare for ikkje bestått» og eventuelt undervegsvurdering til HVL.
  • Praksiskoordinator ved HVL arkiverer varsel, eventuelt undervegsvurdering og referat frå samtalen mellom student, praksisstad og HVL.
  • Praksislærar gjennomfører jamlege rettleiingssamtalar med studenten der studenten får tilbakemelding på eiga utvikling etter motteke varsel. Praksislærar skriv referat frå samtalane.

Ikkje bestått praksis

  • Dersom praksisperioden vert vurdert til «ikkje bestått» melder praksislærar frå til eigen leiar, fagleg kontaktperson og praksiskoordinator ved HVL.
  • Siste dag i praksis gjennomfører praksislærar sluttsamtale med studenten der dei går gjennom sluttvurderinga. Studenten vert også informert om å ta kontakt med praksiskoordinator for vidare oppfølging.
  • Studenten lastar opp vurderinga i Wiseflow. I tillegg sender praksislærar vurderinga til HVL etter avtale med praksiskoordinator.
  • Praksiskoordinator sender brev til studenten med informasjon om konsekvensar av at praksisperioden er vurdert til ikkje bestått.
  • Praksiskoordinator legg skjema for sluttvurdering inn i det digitale arkivet til HVL.

Rutinar ved fråvær i praksis

Fråvær

Praksisopplæringa, inkludert praksisførebuing, observasjonsdagar og ulike møte, er obligatorisk.  Alt gyldig  fråvær må takast att for at du skal få oppfylt kravet om 130 dagar praksis. Dette gjeld uansett årsak til fråværet. Sjå informasjon om krav til oppmøte

Praksislærar kan godkjenne fråvær for enkelttimar. Ved behov for fråvær ut over dette, må du bruke skjemaet under. Søknaden skal sendast seinast 3 veker før praksisperioden startar. 

Ved akutte situasjonar kan fråvær bli godkjent på kortare varsel. Meld i frå til praksislærar og bruk skjemaet under for å melde frå om fråværet til HVL. Ved sjukdom inntil tre dagar skal du sende eigenmedling. Er sjukdomsperioden over tre dagar skal du sende sjukemelding. Skjemaet skal sendast inn seinast ein veke etter sjukdommen oppsto. Du kan kun levere eigenmelding ein gong i haustsemesteret og ein gong i vårsemesteret.  

Skjema til bruk ved fråvær

Utsett praksis

Dersom ein student har dokumentert gyldig fråvær, legg høgskulen til rette for utsett praksis innanfor studieåret dersom det er mogleg. Studenten skal ta igjen fråværet så snart som råd slik at kontinuitet og samanheng vert sikra. 

Er fråværet for stort til at utsett praksis kan gjennomførast innanfor studieåret, må studenten ta delar av, eller heile praksisperioden, neste studieår. Ei slik utsetjing kan få konsekvensar for studenten sin studieprogresjon. 

Student og praksislærar finn saman tidspunkt for gjennomføring av utsett praksis. Studenten har ansvar for at dette blir gjort. Studenten har òg ansvar for at praksiskoordinator får beskjed om utsett dato. Ved utsett praksis skal studenten vere til stades totalt 7,5 timar per dag og må minimum ha ansvar for ei undervisningsøkt per dag.  

Sluttvurdering og siste rettleiingsøkt blir gjennomført i samband med utsett praksis.Når dato for utsett praksis er avtalt er dette ein bindande avtale og kan ikkje flyttast til eit seinare tidspunkt. Eventuelt fråvær på utsett praksis må dokumenterast med legeerklæring. Dersom studenten ikkje leverer legeerklæring vil fråværet bli registrert som ugyldig.

Ugyldig fråvær

Høgskulen legg ikkje til rette for utsett praksis ved ugyldig fråvær. Ugyldig fråvær er fråvær som ikkje er dokumentert med eigenmelding, legeattest eller innvilga permisjon. Ferie og deltidsjobb er blant anna ikkje godkjent fråværsgrunn. Ugyldig fråvær fører til at praksisperioden blir registrert som avbroten. Avbroten praksis får same konsekvens som ikkje bestått praksis. 

Dersom ein student, på grunn av ugyldig fråvær, får avkorta praksisperioden slik at vedkommande ikkje kan vurderast, fører det til avbroten praksis med same konsekvens som ikkje bestått praksis. Studenten må då gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne praksisperioden vert arrangert ordinært.

Evaluering etter praksis

For å kunne vidareutvikle kvalitet i praksis treng vi at du gir ei tilbakemelding på korleis du har opplevd praksis. Du vil få meir informasjon om dette i Canvas.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med praksisadministrasjonen ved FLKI via kontaktskjema

Dette må alle kjenne til:

 

 

 

Ugyldig fråvær

Høgskulen legg ikkje til rette for utsett praksis ved ugyldig fråvær. Ugyldig fråvær er fråvær som ikkje er dokumentert med eigenmelding, legeattest eller innvilga permisjon. Ferie og deltidsjobb er blant anna ikkje godkjent fråværsgrunn. Ugyldig fråvær fører til at praksisperioden blir registrert som avbroten. Avbroten praksis får same konsekvens som ikkje bestått praksis. 

Dersom ein student, på grunn av ugyldig fråvær, får avkorta praksisperioden slik at vedkommande ikkje kan vurderast, fører det til avbroten praksis med same konsekvens som ikkje bestått praksis. Studenten må då gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne praksisperioden vert arrangert ordinært.