Praksis barnehagelærar

Denne informasjonen gjeld deg som tar barnehagelærar på heiltid på campus Sogndal.

Praksisopplæringa har eit omfang tilsvarande 100 dagar. Etter kvar praksisperiode får du ei vurdering av om du har bestått.

Studieplan og praksishefte 

Finn studieplanen for kullet ditt.

I praksisheftet finn du viktig informasjon om praksisperiodane.

Nyttig informasjon om barnehagelærarutdanninga

Tildeling av praksis

Informasjon om tildeling av praksisplass.

Politiattest og teieplikt

Ved studiestart skal du levere politiattest og signere erklæring om teieplikt. Dersom du har merknad på politiattesten skal den leverast tidlegare.

Skikkavurdering

Denne utdanninga har skikkavurdering. Skikkavurdering er ei totalvurdering av dine faglege og personlege føresetnader for å kunne fungere som barnehagelærar. 

Praksis i utlandet

Du kan søke om å ha ein av praksisperiodane dine i utlandet, eller velgje emnet Global knowledge og ha praksis i Zambia eller Madagaskar. Les om praksisopphald i utlandet.

Til side for praksisfeltet