Praksis engelsk årsstudium

Denne informasjonen gjeld deg som er student på engelsk årsstudium med fagdidaktikk ved campus Sogndal.

Organisering av praksis

Praksisomfanget er 812 undervisningstimar/økter saman med 12 medstudentar. Praksis i vårsemesteret 2020 er i veke 13–14. 

Du har krav på ca 2 timar rettleiing per veke (grupperettleiing). Praksislærar skal rettleie deg i å planlegge undervisninga, og hjelpe deg med å reflektere over kva som gjekk bra og kva som kan endrast på til neste undervisningsøkt.

I studieplanen finn du meir informasjon om praksis

Politiattest og teieplikt

Ved studiestart skal du levere politiattest og signere erklæring om teieplikt. Dersom du har merknad på politiattesten skal den leverast tidlegare.

Skikkavurdering

Denne utdanninga har skikkavurdering. Skikkavurdering er ei totalvurdering av dine faglege og personlege føresetnader for å kunne fungere i yrket. 

Til side for praksisfeltet