Praksis femårig grunnskulelærarutdanning Sogndal

Denne informasjonen gjeld deg som studerer femårig grunnskulelærarutdanning 1-7 eller 5-10 på campus Sogndal.

Du har praksis i alle fem studieåra, til saman 115 dagar. 110 dagar er rettleia praksis, og 5 dagar er observasjonspraksis. 

Du må sette deg inn i retningslinjene for praksisopplæringa og emneplanen for aktuelt studieår.

Studieplanar

Emneplanar

Plan for praksis

Plan for praksis 1-7 og 5-10

Førebuing til praksis og planlegging av undervisning

Som tillegg til emneplanar og retningslinjer har vi utarbeidd råd om korleis du førebur deg til praksis

Evaluering av praksis

I praksisperioden skal praksislærar og du som student ha både rettleiingssamtale, midtvegssamtale og sluttsamtale. Du skal også fylle ut ulike skjema.  

Meir om evaluering og vurderingsskjema

Sjukdom og fråvær i praksisperioden

All praksis er obligatorisk. Både sjukefråvær og anna fråvær må dokumenterast, og du må ta igjen fråværsdagane.

Sjukefråvær

Sjukefråvær må dokumenterast med eigenmelding eller sjukemelding. Du kan levere eigenmelding for inntil tre samanhengande dagar. Laurdag og søndag tel med, det betyr at dersom du er sjuk ein fredag, kan du ikkje bruke eigenmelding påfølgjande måndag.

Du kan berre bruke eigenmelding ein gong per semester. Du leverer eigenmeldinga til praksislærar første dag du er tilbake i praksis. Dersom du har sjukefråvær utover tre dagar, må du levere sjukemelding til HVL innan fire dagar.

Eigenmeldingsskjema nynorsk / Egenmeldingsskjema bokmål

Anna fråvær

Dersom du har behov for ein eller fleire dagar fri i praksisperioden, må du søke skriftleg til praksiskoordinator på eige søknadsskjema seinast 3 veker før praksisperioden startar. Ved situasjonar som har oppstått etter søknadsfrist, kan du likevel søke om fri. Slike søknadar blir behandla fortløpande. Det blir ikkje gitt fri frå praksis for ferie.

Søknad om godkjenning av fråvær, nynorsk / Søknad om godkjenning av fravær, bokmål

Tildeling av praksis

Informasjon om tildeling av praksisplass.

Politiattest og teieplikt

Ved studiestart skal du levere politiattest og signere erklæring om teieplikt. Dersom du har merknad på politiattesten skal den leverast tidlegare.

Skikkavurdering

Denne utdanninga har skikkavurdering. Skikkavurdering er ei totalvurdering av dine faglege og personlege føresetnader for å kunne fungere som lærar. 

Til side for praksisfeltet