Evaluering av praksis i grunnskulelærarutdanninga

Denne informasjonen gjeld praksis på femårig grunnskulelærarutdanning på campus Sogndal.

I praksisperioden skal praksislærar og student ha rettleiingssamtale med rom for kontinuerlege tilbakemeldingar. Etter haustpraksis skal det gjennomførast ein midtvegssamtale, der eit eige skjema skal fyllast ut og signerast av praksislærar og student. 

Ved slutten av vårpraksisen skal heile praksisperioden vurderast av praksislærar. I eigen sluttsamtale mellom praksislærar og student skal innhaldet i vurderingsskjemaet gjennomgåast, og skjemaet skal signerast av begge.

Studenten har ansvar for å laste vurderingsskjemaet opp i Wiseflow seinast ei veke etter avslutta praksis, og profesjonsrettleiar skal registrere karakter (bestått/ikkje bestått) i Wiseflow. 

Dersom studenten ikkje består praksisperioden, skal praksislærar varsle profesjonsrettleiar og sende inn midtvegsvurderinga.