Praksis grunnskulelærar Sogndal

Praksis i den fireårige grunnskulelærarutdanninga har eit omfang på minst 20 arbeidsveker/100 dagar fordelt over 4 år. Praksis med praksisførebuing er obligatorisk.

Studieplan og praksishefte 

I studieplanen finn du mellom anna oversikt over praksisperiodane dine. 

Finn studieplanen for kullet ditt.

I praksisheftet finn du viktig informasjon om praksisperiodane.

Tildeling av praksis

Informasjon om tildeling av praksisplass.

Førebuing til praksis og planlegging av undervisning

Som tillegg til emneplanar og retningslinjer har vi utarbeidd råd om korleis du førebur deg til praksis

Evaluering av praksis

I praksisperioden skal praksislærar og du som student ha rettleiingssamtale med rom for kontinuerlege tilbakemeldingar. I tillegg skal du evaluere praksis skriftleg. Etter haustpraksis skal praksislærar ha midtvegssamtale med deg. Sjå praksisheftet for meir informasjon.

Ved slutten av vårpraksisen skal du levere eige evalueringsskjema til praksislærar og profesjonsrettleiar. Skjemaet skal leverast etter at du har fått praksisvurdering. Både vurderinga frå praksislærar og evalueringa di dannar grunnlag for evalueringssamtale mellom deg og praksislærar, og for vidare oppfølging ved praksisskulen og HVL.

Sjukdom og fråvær i praksisperioden

All praksis er obligatorisk. Både sjukefråvær og anna fråvær må dokumenterast, og du må ta igjen fråværsdagane.

Sjukefråvær

Sjukefråvær må dokumenterast med eigenmelding eller sjukemelding. Du kan levere eigenmelding for inntil tre samanhengande dagar. Laurdag og søndag tel med, det betyr at dersom du er sjuk ein fredag, kan du ikkje bruke eigenmelding påfølgjande måndag.

Du kan berre bruke eigenmelding ein gong per semester. Du leverer eigenmeldinga til praksislærar første dag du er tilbake i praksis. Dersom du har sjukefråvær utover tre dagar, må du levere sjukemelding til HVL innan fire dagar.

Eigenmeldingsskjema nynorsk / Egenmeldingsskjema bokmål

Anna fråvær

Dersom du har behov for ein eller fleire dagar fri i praksisperioden, må du søke skriftleg til praksiskoordinator på eige søknadsskjema seinast 3 veker før praksisperioden startar. Ved situasjonar som har oppstått etter søknadsfrist, kan du likevel søke om fri. Slike søknadar blir behandla fortløpande. Det blir ikkje gitt fri frå praksis for ferie.

Søknad om godkjenning av fråvær, nynorsk Søknad om godkjenning av fravær, bokmål

Politiattest og teieplikt

Ved studiestart skal du levere politiattest og signere erklæring om teieplikt. Dersom du har merknad på politiattesten skal den leverast tidlegare.

Skikkavurdering

Denne utdanninga har skikkavurdering. Skikkavurdering er ei totalvurdering av dine faglege og personlege føresetnader for å kunne fungere som lærar. 

Praksis i utlandet

Du kan søke om å ha ein av praksisperiodane dine i utlandet, eller velgje emnet Global knowledge og ha praksis i Zambia eller Madagaskar. Les om praksisopphald i utlandet.

Til side for praksisfeltet