Praksisopphald i utlandet for lærarstudentar i Sogndal

Du kan søke om å ha ein av praksisperiodane dine i Norden eller USA, eller ta emnet Global Knowledge og ha praksis i Zambia eller på Madagaskar.

Global Knowledge

Velgjer du emnet Global Knowledge, har du eit 3 månaders praksisopphald i Zambia eller på Madagaskar.

Praksis i Norden eller USA

Praksisperioden strekker seg over 4 veker, og ligg parallelt med skuleovertakingsperioden i vårsemesteret + 1 veke. Inntil 6 studentar kan få praksis i utlandet.

Kor kan du reise?

Økonomisk støtte

Du kan søke om reisestøtte gjennom Lånekassen, og reisestipend gjennom Nordplus.

I tillegg kan du søke HVL om å få dekka/refundert delar av reise- og bukostnadane dine under praksisopphaldet. Her gjeld HVL sitt reglement for dekking av bu -og reiseutgifter.

Hybel

Praksisskulen eller HVL kan vere behjelpeleg med å skaffe hybel under opphaldet.

Innhald og oppgåver under praksisopphaldet

Studieplan og praksishefte styrer innhaldet i praksisperioden. Vurderinga frå utanlandspraksis blir samanfatta med vurdering frå ordinær haustpraksis, til ei samla vurdering.

Korleis søker du?

Søknadsfrist er 15. april. 

Kriterium for tildeling av praksisplass i utlandet


Du må

  • sende skriftleg søknad innan 15. april
  • grunngi motivasjonen din for å søke praksisopphald i utlandet (dette skriv du i søknaden)
  • ha bestått alle eksamenar, arbeidskrav og praksisperiodar før du skal reise
  • ha relevante og tilstrekkelege språkkunnskapar
  • dokumentere relevante og tilstrekkelege fagkunnskapar på det nivået praksis blir knytt opp mot (karakterutskrift frå noverande studium skal leggast ved søknaden)
  • kunne representere utdanninga og HVL på ein tillitsvekkande måte

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til samtale.

Dersom avdelinga ut frå punkta over ikkje klarer å skille kandidatane, blir det gjennomført loddtrekning.