Praksisopphald i utlandet for barnehagelærarstudentar i Sogndal

Du kan søke om å ha ein av praksisperiodane dine i Norden, eller ta emnet Global Knowledge og ha praksis i Zambia eller på Madagaskar.

Global knowledge

Velgjer du emnet Global Knowledge, har du 3 månader praksis i Zambia eller på Madagaskar.

Praksis i Norden

Praksisperioden strekker seg over 5 veker, og ligg i 4. semester. Inntil 6 studentar kan få praksis i utlandet.

Kor kan du reise?

VIA University College (Danmark) Nordplus
University of the Faroe Islands (Færøyene), Nordplus
University of Iceland (Island), Nordplus
Linnéuniversitetet (Sverige), Nordplus
Malmö Högskola (Sverige), Nordplus

Økonomisk støtte

Du kan søke om reisestøtte gjennom Lånekassen, og reisestipend gjennom Nordplus.
I tillegg kan du søke HVL om å få dekka/refundert delar av reise- og bukostnadane dine under praksisopphaldet. Her gjeld HVL sitt reglement for dekking av bu -og reiseutgifter.

Hybel

Praksisskulen eller HVL kan vere behjelpeleg med å skaffe hybel under opphaldet.

Innhald og oppgåver under praksisopphaldet

Studieplan og praksishefte styrer innhaldet i praksisperioden. Vurderinga frå utanlandspraksis blir samanfatta med vurdering frå ordinær haustpraksis, til ei samla vurdering.

Korleis søke?

Søknadsfrist er 15. april.

Kriterium for tildeling av praksisplass i utlandet

Du må

  • sende skriftleg søknad innan 15. april
  • grunngi motivasjonen din for å søke praksisopphald i utlandet (dette skriv du i søknaden)
  • ha bestått alle eksamenar, arbeidskrav og praksisperiodar før du skal reise
  • ha relevante og tilstrekkelege språkkunnskapar
  • dokumentere relevante og tilstrekkelege fagkunnskapar på det nivået praksis blir knytt opp mot (karakterutskrift frå noverande studium skal leggast ved søknaden)
  • kunne representere utdanninga og HVL på ein tillitsvekkande måte

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til samtale.

Dersom avdelinga ut frå punkta over ikkje klarer å skille kandidatane, blir det gjennomført loddtrekning.