Praksisopphald i utlandet for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie Sogndal

Du kan søke om å ha ein av praksisperiodane dine i utlandet.

Vi har ikkje faste avtalar om praksisplassar med utanlandske institusjonar, så du må derfor sjølv opprette kontakt med aktuelle institusjonar. Internasjonal koordinator og praksiskoordinator kan hjelpe til i prosessen.

Når du har funne praksisplass, må den godkjennast av emneansvarleg.

Studieprogresjon, karaktersnitt og eventuelle erfaringar frå tidlegare praksis vil bli vektlagt ved ein eventuell utanlandspraksis.

Global knowledge

Velgjer du emnet Global Knowledge, har du 3 månader praksis i Zambia eller Sør-Afrika.

I Zambia har vi avtalar med

  • Department of Social Welfare, Provincial Office Southern Province
  • SOS Children Village
  • University of Zambia