Praksis i helse- og sosialfag i Bergen

Denne informasjonen er for helse- og sosialfagstudentar ved campus Bergen.

Er du praksislærar? Her finn du praksisinformasjon for praksislærarar.

Oversikt over praksisperiodane i studieåret 2017/2018

Høgskulen samarbeider med ulike institusjonar om tilrettelegging og gjennomføring av praksisstudium. Dette gjer vi gjennom å:

  • tilrettelegge praksisstudia i tråd med med gjeldande fag- og rammeplanar
  • drøfte læringsutbytte, innhald og gjennomføring av praksisstudium

Formålet er å bidra til ei velfungerande helseteneste og å sikre at du som student får høve til å tilegne deg kompetansen som du treng for å kunne arbeide innan helsevesen og sosiale tenester.

Partane skal samarbeide om rettleiing i praksisstudier. Høgskulen har ansvar for at praksisstudiet blir gjennomført i samsvar med gjeldande fag- og studieplanar ved blant anna å klargjere kva for krav som blir stilt til praksisstudiet. Omfang og innhald i praksisstudiet samt krav til rettleiing blir presisert og formidla gjennom den enkelte utdanning.

Institusjonen har ansvar for den praktiske rettleiinga. Ansvaret blir ivaretatt av institusjonens leiar. Rettleiinga kan gis på dag- og kveldstid i samsvar med arbeidsrytmen som personalet følger.

Frammøte og fråvær

All praksis forutsetter obligatorisk frammøte og registrering av fråvær. Det blir normalt stilt krav om 90 prosent deltaking i kliniske studium. For nærare informasjon om krav om deltaking viser vi til emnebeskriving og studieprogram for di utdanning.

Vi gjer merksam på at deltaking i f.eks. BTS vinterleikar ikkje gir gyldig fråvær eller rett til fritak frå praksis eller andre obligatoriske aktivitetar.