Praksis i lærarutdanning i Bergen

Praksisinformasjon for studenter.

Når og kvar får du informasjon om tildelt praksisplass?

På dei fleste utdanningar er det satt opp eit møte med praksisrettleiar før praksisperioden startar. Informasjon om tildelt praksisplass får du via praksislista som blir lagt ut på klassesida i Itslearning seinast dagen før dette møtet.

Kven skaffar praksisplass?

Du får tildelt praksisplass frå høgskulen. Det vil seie at du ikkje kan skaffe deg praksisplass sjølv. (Unntak: enkelte samlingsbaserte deltidsstudium).

Omsyn ved tildeling av praksisplass

Dersom du går på ei utdanning med praksis i Bergen og omland, men har behov for å bli tatt omsyn til i praksisplasseringa, kan du likevel melde frå om dette. Send e-post til praksiskoordinator på utdanninga di. Namn og e-postadresse finn du på sida for utdanninga di. Beskriv kort kva det gjeld og merk e-posten med utdanning, klasse, namn og studentnummer. Ver merksam på at du må sende ny melding kvart studieår og at du ikkje er garantert å bli tatt omsyn til.

Kva bør du informere praksisadministrasjonen om?

Aktuelle praksisstadar der du har eller har hatt eit arbeidsforhold. Aktuelle praksisstadar der du har nære relasjonar til ansatte, barn, elevar eller andre brukarar.

Informasjon om praksis i dei ulike utdanningane

Lærerutdanninger:

Andre bachelorutdanninger:

Masterutdanninger:

Videreutdanninger: