Politiattest og tuberkulosekontroll

Studentar på alle utanningane ved Avdeling for lærarutdanning i Bergen må levere gyldig politiattest for å kunne starte praksis. Dersom du har opphalde deg meir enn tre månader i land med høg førekomst av tuberkulose, må du i tillegg vise tuberkulintest.

Politiattest

Alle utdanningar med praksisopplæring krev politiattest. Dersom du ikkje har levert politiattest, får du ikkje delta i praksis og risikerer å bli forsinka i studieløpet og kan på sikt miste studieretten.

Politiattesten skal ikkje vere eldre enn tre månader og må vere utferda spesifikt for den utdanninga du skal gå på. Politiattesten varer så lenge du går på studiet. Unntak: Dersom du går på bachelor for tospråklege lærarar varer politiattesten din i tre år. Du må levere ny politiattest når du startar ditt fjerde studieår.

Dersom du byter studium, må du levere ny attest. Du må også levere ny attest dersom du har starta utdanninga ved ein annan høgskule.

Dersom du ikkje har merknader på politiattesten, skal du levere attesten i Servicetorget på Kronstad eller i Møllendalsveien ved studiestart.

Dersom du har merknad på politiattesten som er relevant for opptak til utdanninga du skal gå på, må du sende politiattesten til høgskulen innan tre veker etter at opptaksmeldinga er mottatt.

Dersom du har fått tilbod om studieplass mindre enn fjorten dagar før studiestart eller etter studiestart, leverer du politiattesten seinast tre veker etter at du har tatt imot opptaksmeldinga.

For meir informasjon om kravet til politiattest, korleis du søker om politiattest og kva du skal gjere dersom du har merknad på politiattesten; sjå HVL sin informasjonsside om politiattest.

Tuberkuloseundersøking

Dersom du i løpet av dei tre siste åra har opphalde deg minst tre månader i eit land med høg førekomst av tuberkulose, må du gå gjennom ei tuberkuloseundersøking.

Gyldig tuberkulintest må vere ordna før du skal ut i praksis og kan ikkje vere eldre enn tre månader. Du er sjølv ansvarleg for å ha gyldig tuberkulintest før du startar praksis. Resultatet av tuberkulintesten viser du på praksisstaden din. For meir informasjon, så: