Praksisplass og tilrettelegging

Informasjon om særleg tilrettelegging av praksis for deg som er student ved avdeling for lærarutdanning, studiestad Bergen.

Søknad om særleg tilrettelegging i praksis

Har du behov for særskild tilrettelegging som følge av funksjonshemming, sjukdom eller amming, vil høgskulen så langt det er mogleg ta omsyn til dine behov, slik at du får god nok praksisopplæring til å gjennomføre studiet. Særskild tilrettelegging kan for eksempel vere:

  • fysisk tilrettelegging under sjølve praksisopphaldet
  • fortrinnsrett ved tildeling av praksisplass
  • tilrettelegging for å amme

Du må søke skriftleg og beskrive kva slags tilrettelegging du har behov for. Du må også legge ved dokumentasjon som stadfestar at du har eit særskild behov. Bruk søknadsskjemaet som ligg på denne sida.

Søknadsfrister:

1. april: søknadsfrist for praksisperiodar som startar i haustsemesteret. NB; Ny søknadsfrist for praksisperioder som startar hausten 2017 er 01.05.2017

1. oktober: søknadsfrist for praksisperiodar som startar i vårsemesteret

Unntak: Dersom du skal ha praksis i haustsemesteret første studieår, er søknadsfristen ei veke etter undervisningsstart. Ved situasjoner som har oppstått akutt etter søknadsfrist, kan du likevel søke om tilrettelegging. Slike søknadar blir behandla fortløpande.

Søknad og dokumentasjon sender du elektronisk til post@hvl.no eller i post til: Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen, Avdeling for lærerutdanning, Postboks 7030, 5020 Bergen.

Ver merksam på at høgskulen ikkje kan pålegge praksisinstitusjonane å legge til rette for studentar med særskilde behov. Høgskulen vil likevel oppfordre til tilrettelegging innanfor rammene til den enkelte praksisinstitusjon.

Om du ikkje kan komme deg til praksisstaden med offentleg transport kan du søke SiB Helsefond om å få dekt delar av utgiftene. Sjå meir informasjon på SiB - Utgifter til transport.

Søknad om fortrinnsrett ved tildeling av praksisplass

Du kan berre søke om fortrinnsrett for praksisperiodar med praksisplassar der ein må bu borte i praksisperioden. På AL-studiestad Bergen gjeld det bachelorutdanning i tegnspråk og tolking, bachelorutdanning i folkehelsearbeid, faglærarutdanning i kroppsøving og idrettsfag og praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfaglærarar.

Fortrinnsrett blir vurdert etter følgande kriterier i prioritert rekkefølge:

  1. studentar med åleineansvar for barn under 18 år
  2. eigen behandlingstrengande sjukdom med dokumentasjon på at nødvendig behandling må gjennomførast i Bergen i den aktuelle tidsperioden
  3. studentar med dagleg omsorg for barn under 12 år
  4. akutt/alvorlig sjukdom eller funksjonsvanskar i nær familie
  5. toppidrettsutøvarar som er knytt til olympiatoppen eller som er 
    1. aktiv på landslag
    2. utøvar i øverste divisjon på lagidrett
    3. enkeltutøvar på nasjonalt nivå
  6. studentar som utøver kunst/kultur på nasjonalt nivå
  7. verv i studentparlamentsstyret, studentrådsstyret eller høgskulestyret

Merk at fortrinnsrett ikkje blir gitt automatisk sjølv om ein oppfyller eit kriterium.

Omsyn ved tildeling av praksisplass

Dersom du går på ei utdanning med praksis i Bergen og omland, men har behov for å bli tatt omsyn til i praksisplasseringa, kan du likevel melde frå om dette. Send e-post til praksiskoordinator på utdanninga di. Namn og e-postadresse finn du på sida for utdanninga di. Beskriv kort kva det gjeld og merk e-posten med utdanning, klasse, namn og studentnummer. Ver merksam på at du må sende ny melding kvart studieår.

Følgande forhold kan vere aktuelt å melde inn:

  • Om du har åleineansvar for barn under 12 år
  • Om eigen sjukdom gjer lang reiseveg vanskeleg
  • Om du har dagleg omsorg for barn under 12 år

Ver merksam på at du ikkje er garantert å bli tatt omsyn til. Mellom anna vil aktuelle praksisplassar i utdanninga/klassa di og faglege omsyn vere styrande for kva som er mogleg og ikkje.