Refusjon av reise- og buutgifter i praksisperioden

Informasjon til studentar ved Avdeling for lærarutdanning i Bergen som har rammeplan-/studieplanbestemte praksisstudium, og praksisplass som inngår i høgskolens praksisavtaler.

Høgskulen kan dekke reise- og buutgifter for studentar i forbindelse med praksisopphald utanfor Bergen kommune og eigen bustadskommune.

Retningslinjene gjeld ikkje for:

  • studentar som deltek i internasjonale utvekslingsprogram
  • studentar på studium med ekstern finansiering
  • studentar som sjølv skaffer seg praksisplass, med mindre det er etter avtale med høgskulen

Retningslinjer for refusjon av reiseutgifter

  • Reise innanfor Bergen kommune og/eller eigen bustadskommune blir ikkje dekt.
  • Ved reise utanfor Bergen kommune og/eller eigen bustadskommune får du berre dekt beløp som overstig taksten i Sone Bergen. Sjå Skyss sine nettsider for informasjon om takstar og rabattar i Sone Bergen.
  • Dersom du må bu heimefrå i samband med praksis får du dekt ei reise til/frå heimstad - praksisstad i ein praksisperiode. Du må søke om å få dekt utgifter til bruk av bil eller flyreise. Bruk skjemaet for førehandsgodkjenning. For dagleg reise bustad - praksisstad, sjå punktet ovanfor.
  • Reisa skal skje på billegast mogleg måte. Det vil seie bruk av kollektivtransport og studentkort, periodekort eller rabattkort der det er mogleg.
  • Du sender skjema for reiserefusjon på e-post til AL-Praksis.hib@hvl.no. Du må skanne og legge ved originale kvitteringar som dokumentasjon. Du får ikkje utbetalt reiserefusjon dersom du ikkje har lagt ved kvitteringar.
  • I heilt spesielle tilfelle kan høgskulen dekke dokumenterte utgifter i samband med bruk av bil, kollektivtransport som ikkje er billigaste alternativ eller utgifter i Bergen kommune. Dette gjeld t.d. dersom det ikkje går kollektivtransport til praksisstaden eller kollektivtilbodet er spesielt dårleg. Du får berre dekt beløp som overstig taksten i Sone Bergen. Du må sende søknad til AL-Praksis.hib@hvl.no i forkant av praksisperioden for å få dekt utgifter i desse tilfella. Bruk skjemaet for førehandsgodkjenning.

Retningslinjer for refusjon av buutgifter

  • Studentar som må bu heimefrå i samband med praksis kan søke om å få dekt ekstra buutgifter. Send skjemaet for førehandsgodkjenning til AL-Praksis.hib@hvl.no.
  • Du må søke i god til før praksis og avtale med praksisadministrasjonen må vere inngått før praksis startar.
  • Overnatting skal skje på billegast mogleg måte.
  • Du dekker sjølv dei ekstra buutgiftene i perioden og sender refusjonsskjema til AL-Praksis.hib@hvl.no etter praksis.
  • Du må skanne og legge ved originale kvitteringar for å få dekt buutgiftene.
  • I enkelte tilfelle, dersom du får spesielt store buutgifter, kan du søke høgskulen om at utleigar/bustad sender faktura direkte til høgskulen. Søknad om dette sender du på e-post til AL-Praksis.hib@hvl.no når du søker om førehandsgodkjenning av buutgifter.