Sjukdom og fråvær i praksisperioden

For studentar ved Avdeling for lærarutdanning, campus Bergen.

All praksis er obligatorisk. Du må dokumentere alt fråvær med eigenmelding/sjukemelding eller innvilga fri. Fråværsdagane må takast igjen.

Sjukefråvær

Dersom du har sjukefråvær i praksisperioden, må du dokumentere dette med eigenmelding eller sjukemelding.

Du kan levere eigenmelding for inntil tre samanhengande dagar. Laurdag og søndag tel med; dvs. dersom du er sjuk ein fredag, kan du ikkje bruke eigenmelding påfølgande måndag. Du kan berre bruke eigenmelding ein gong pr. semester. Du leverer eigenmeldinga til praksislærar første dag du er tilbake i praksis.

Egenmeldingsskjema bokmål / Eigenmeldingsskjema nynorsk

Dersom du har sjukefråvær utover tre dagar, må du levere sjukemelding til høgskulen innan fire dagar.

Anna fråvær

Dersom du har behov for ein eller fleire dagar fri i praksisperioden må du søke skriftlig til praksisadministrasjonen på eige søknadsskjema. Innvilga fråvær må du ta igjen. Det blir ikkje gitt fri frå praksis for ferie. Søknadsfrist: 3 veker før praksisperioden startar. Ved situasjonar som har oppstått akutt etter søknadsfrist, kan du likevel søke om fri. Slike søknadar vil bli behandla fortløpande.

Søknadsskjema annet fravær, bokmål / Søknadsskjema anna fråvær, nynorsk