Tilrettelegging av praksis

Må praksisplassen din legge til rette for særskilde behov du har, eller må du ha praksisen din på ein bestemt stad? Her kan du lese om rettighetane dine og kva du må gjere.

Tilrettelegging for særskilde behov

Om du har særskilde behov for tilrettelegging i samband med praksis, til dømes fordi du har ein funksjonsnedsetting eller er gravid, kan du sende søknad om tilrettelegging til oss.

Døme på særordningar kan vere fysisk tilrettelegging under sjølve praksisopphaldet, eller legge til rette for at du kan amme.

Vi kan ikkje pålegge praksisinstitusjonane å legge til rette for studentar med særskilde behov, men kan oppfordre til dei innanfor rammene hjå den enkelte praksisinstitusjon.

Du må legge ved dokumentasjon frå lege, psykolog eller anna sakkyndig person når du søker. 

Praksisplass på ein bestemt stad

Om du må ha praksis på ein bestemt stad, kan du søke om det. Her er kriteria som slike søknadar blir vurdert etter:

  • åleineansvar for born under 18 år
  • sjukdom som krev behandling på ein bestemt stad
  • dagleg omsorg for born under 12 år
  • funksjonsvanskar eller alvorleg sjukdom i nær familie
  • toppidrettsstatus eller utøvar på landslaget
  • utøvar i øvste divisjon i lagidrett
  • enkeltutøvar på nasjonalt nivå
  • verv i studenttinget, studentrådstyret eller høskulestyret

Frist for å søke

  • Skal du ha praksis i haustsemesteret, må du søke innan 1. april
  • Skal du ha praksis i vårsemesteret, må du søke innan 1. oktober

Søknad og dokumentasjon sender du til post@hvl.no