Saksgang i skikkavurderingssaker

Saksgangen bygger på forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.

Tvilsmelding

Grunngitt tvilsmelding i samsvar med § 9 i forskrifta blir sendt skriftleg til institusjonsansvarleg på den aktuelle campusen. Alle som er i kontakt med studentar kan levere tvilsmelding, til dømes øvingslærar og faglærar, studentar, praksisfeltet og administrativt personale. Den som leverer tvilsmelding er ikkje part i saka og har ikkje krav på tilbakemelding.

Tvilsmelding som tydeleg er ugrunna skal ikkje behandlast av institusjonsansvarleg.

Institusjonsansvarleg sitt ansvar

  1. Studenten skal varslast skriftleg om at det er meldt grunngitt tvil om vedkomande er skikka.
  2. Institusjonsansvarleg skal kalle inn studenten til vurderingssamtale. Studenten kan ha med ein talsperson.
  3. Det skal lagast skriftleg referat frå vurderingssamtalen. Referatet skal innehalde ein omtale av kva saka gjeld, og eventuelle planar for utvida oppfølging og rettleiing av studenten.
  4. Studenten skal få tilbod om utvida oppfølging og rettleiing dersom det ikkje er heilt tydeleg at slik oppfølging ikkje er eigna til å hjelpe studenten.
  5. Institusjonsansvarleg har ansvar for at det blir utarbeidd ein plan for utvida rettleiing i høve dei aktuelle vurderingskriteria i forskrifta, og for å vurdere resultatet av den utvida rettleiinga.
  6. Praksisperiodar kan utsettast til etter at utvida rettleiing er avslutta.
  7. Dersom utvida oppfølging og rettleiing ikkje fører til ønska endring hos studenten, skal institusjonsansvarleg fremje sak for Skikkavurderingsnemnda.

Institusjonsansvarlege

Skikkavurderingsnemnda sitt ansvar

  1. Saker som blir lagt fram for Skikkavurderingsnemnda skal innehalde all skriftleg dokumentasjon i saka. Nemnda skal utrede saka vidare dersom det er nødvendig.
  2. Studenten skal varslast i god tid om tidspunkt for møtet, og gjerast kjend med opplysningane i saka (jf. §§ 18 og 19 i forvaltningslova). Studenten skal ha høve til å legge fram synspunkta sine for nemnda før møtet. Studenten har rett til å få dekt utgifter til advokat eller annan talsperson etter reglane i universitets- og høgskolelova § 4-10 (5) frå saka blir fremja for Skikkavurderingsnemnda.
  3. Skikkavurderingsnemnda utarbeider innstilling til høgskulen si nemnd for studentsaker med vurdering av om studenten er skikka eller ikkje, om vedkomande bør stengast ute frå aktuell utdanning og lengd på eventuell utestengingsperiode. Innstillinga kan og omhandle vilkår for at studenten skal få starte opp att på utdanninga. Skikkavurderingsnemnda si innstilling skal gjerast med to tredels fleirtall.

Medlemmer i Skikkavurderingsnemnda

Nemnd for studentsaker sitt ansvar

  1. På bakgrunn av innstillinga frå Skikkavurderingsnemnda gjer Nemnd for studentsaker sjølv vedtak om at ein student ikkje er skikka etter reglane i universitets- og høgskolelova § 4-10 (6). Det skal ikkje skrivast ut vitnemål for utdanning til ein student som er funnen ikkje-skikka.
  2. Dersom ein student som er funnen ikkje-skikka skal stengast ute frå utdanninga, skal det gjerast særskilt vedtak om dette. Studenten kan stengast ute frå utdanninga i inntil fem år. Ved kortare utestenging kan Nemnd for studentsaker stille vilkår som må vere oppfylte før studenten kan starte opp att på utdanninga.
  3. Vedtak om utestenging skal opplyse studenten om at vedkomande ikkje kan søke eller ta i mot plass ved andre tilsvarande utdanningar i utestengingsperioden, og at han/ho må søke nytt opptak dersom studenten ønskjer å starte opp att på utdanninga etter utestengingsperioden.