Stillingsutlysning for studentambassadørar 2019/2020

Er du utadvent, engasjert og likar å formidle? Vil du hjelpe elevar med å gjere eit godt studieval?

Som studentambassadør er du høgskulen sin representant når vi skal besøkje folkehøgskular og vidaregåande skular rundt om i landet i januar-februar 2020. Du får dekt alle reise- og hotellutgifter i tillegg til lønn. Skulebesøka er organisert som fylkesvise turnear, der du reiser saman med studentar frå fleire andre høgskular og universitet. Turneane varer i to til fire veker og du må rekne med å vere på reise ei veke i strekk. Utdanningsmessene varer i to-tre dagar, og då er de fem representantar frå HVL som reiser saman. 

Vi tar omsyn til praksis og obligatorisk undervisning når vi set opp turnélistene.

Nokre av studentambassadørane vil også vere Instagram-vert for HVL sin konto.

Du bør vere

  • Komfortabel med å snakke med folk, også for forsamlingar
  • Sosial, kreativ, positiv, løysingsorientert og pliktoppfyllande
  • Like å jobbe saman med andre
  • Fleksibel med tanke på å reise på skulebesøk og messer
  • Du bør ha førarkort klasse B

Du får

  • Lønssteg 26 (utgjer timeløn på kr. 165,50)
  • Gode vener
  • Lære deg presentasjonsteknikk
  • Attest for ambassadørjobbinga frå høgskulen

Søknaden bør innehalde

  • Namn, alder, telefonnummer
  • Studium og studiestad
  • Kor du er frå
  • Erfaring/verv
  • Skriv kort om deg sjølv
  • Om du har sertifikat, klasse B
  • Kva datoar du har eksamen hausten 2019

Ein del av søkarane blir innkalla til intervju i september/oktober. Dei som får tilbod om stilling gjennomfører obligatorisk opplæring i oktober/november.

Vi oppmodar spesielt ingeniørstudentar om å søke! Ny søknadsfrist: Innan tysdag 8. oktober. Send inn til rekruttering@hvl.no.