Studentrådgiving
Treng du nokon å snakke med? Det kan vere ekstra utfordrande når rutinar vert brotne opp og ein i større grad blir overlaten til seg sjølv. Då blir det ekstra viktig å prøve å ha struktur på kvardagen.
Vi vil oppfordre alle til å halde kontakten med kvarandre digitalt, oppretthalde kollokviegrupper på Skype og dele fagstoff, inspirasjon og oppmuntring. Prøv å strukturere kvardagen ved å skilje mellom studiar og fritid, som vanleg.
Vi har studentrådgivarar som du kan snakke med om alt frå heimlengsel, stress, einsemd og bekymringar til prestasjonsangst eller manglande motivasjon og struktur i kvardagen:
- Bergen: Studentrådgivarar for campus Bergen
- Førde: Studentrådgivar for campus Førde og Saman Helse Førde
- Haugesund og Stord: Studentrådgivar i Haugesund og Stord
- Sogndal: Studentrådgivar for campus Sogndal og Saman Helse Sogndal
Du kan òg ta kontakt med studentombodet ved HVL, studentpresten i Sogndal eller med ein studentprest i Bergen.