Søk på utveksling med appen HVL Utveksling

Skal du på utveksling frå HVL? I appen HVL Utveksling søkar du om utveksling og følgjer prosessen frå A til Å.

Appen HVL Utveksling gjer deg informasjon om utveksling på ein skreddarsydd, enkel og oversiktleg måte.

Den store fordelen er at man får meir informasjon og informasjon tidlegare. Kan begynne å tenke på utveksling tidleg!

Det er enkelt for å følgje prosessen heilt frå tidleg planlegging til etter at du kjem heim. Du kan mellom anna sjå lister over fag som er godkjende på førehand, status på søknaden din, og enkelt stille og få svar på spørsmål.

Appen er heilt fantastisk smart, og det er så flott at ein kan sjå hele utvekslingsprosessen.

Appen kan du laste ned i Google Play og Apple Store.

Logg inn med feidebrukaren din og kom i gang med å planlegge utvekslinga di. Så snart du er inne kan du sjå gjennom korte beskrivingar og bilete frå institusjonane som er aktuelle for deg.

Du vert anbefalt å søke på ei emnepakke som ligg inne frå før. Dette er emne eller praksis i ein kombinasjon som fagleg kontaktperson har vurdert som gode for ditt studieprogram. Sørg og for å ha tre søknadsalternativ om mogleg.

Sjå video av korleis appen ser ut:

Den er fantastisk! Då eg gjekk inn på den fekk eg straks lyst til å dra på utveksling til Zambia

Problem med appen? Send ein e-post til international@hvl.no. Legg gjerne ved skjermbilete av korleis det ser ut hos deg. 

Les meir om korleis du søker på HVL sine sider: https://www.hvl.no/student/utveksling/slik-soker-du-utveksling/.