Etter utveksling

Fagleg godkjenning og innpassing

Hugs å få med/tilsendt karakterutskrift/dokumentasjon frå vertsinstitusjonen på emna du har tatt. Når du er tilbake ved HVL må du søke endeleg fagleg godkjenning og innpassing av opphaldet ved å legge fram attestar, karakterutskrift o.l til internasjonal koordinator på din campus. Etter innpassing vil vi sende informasjon direkte til Lånekassen.

Viss du har studert i Sverige og/eller Finland kan du overføre resultata elektronisk frå utlandet via Studentweb.

Dersom du ikkje får ECTS på sjølve karakterutskrifta, må du innhente skriftleg dokumentasjon på kva studiepoenga du får utgjer.

Viss du har vore på praksisopphald i utlandet, må du få med dokumentasjon på at praksisopphaldet er godkjent av vertsinstitusjonen.

NB! Dersom du er på utveksling i siste semester av graden din, er du ikkje garantert å få vitnemål innan 1. juli, som er ettersendingsfrist i samband med søknad om vidare utdanning. 

Rapport

Når du har vore på utveksling må du sende rapport til internasjonalt kontor frå utvekslinga seinast 2 veker etter at du har kome heim. Du må gjerne skrive saman med andre som du var på utveksling med. Har du bilder er det flott! Skriv rapporten i fritekst på ca. 1-2 sider kor du fortel litt om staden, studia/praksis, hybel, praktisk info og tips.

Last ned rapport-mal


Rapporten kan bli publisert på nettsidene våre. Vi ønskjer gjerne at rapporten skal vere personleg. Du må gjerne ha med namnet ditt, men om du ønskjer å vere anonym er det sjølvsagt heilt i orden.

Alle Erasmus-studentar må i tillegg fylle ut Erasmus Student Report gjennom Mobilty Tool. Det blir automatisk sendt melding til deg etter at utanlandsopphaldet er over. Dette må du gjere for å få ut siste del av Erasmus-stipendet.

Testing for tuberkulose og MRSA

Har du vore på utveksling må du vere særleg merksam på at du fyllar krav til testing for tuberkulose og MRSA. Du er sjølv ansvarleg for å la deg teste.