Førebu deg på utveksling

Legg grunnlaget for ei god utvekslingsperiode så snart du har svart ja på tilbodet frå vertsinstitusjonen. Lista under gir deg tips til korleis du kan førebu deg på utveksling.

Akademisk og økonomisk

Behald retten til å studere ved HVL

For å unngå å miste studieretten ved HVL når du kommer tilbake må du huske å semesterregistrere deg og å betale semesteravgift til HVL mens du er på utveksling.

Husk også å melde deg av eksamen ved HVL det semesteret du er ute slik at du unngår å få «ikke møtt» til eksamen. Du melder deg av eksamen i Studentweb.

Lånekassen

Søk lån og stipend frå Lånekassen så snart du får opptaksbrev frå vertsinstitusjonen. Viss du skal betale skulepengar dokumenterer du det ved å laste opp opptaksbrevet som inneheld skulepengesummen som vedlegg til søknaden.

Erasmusstudent?

Les meir på www.hvl.no/erasmus for å sjå forberedelsene for Erasmusstudenter

Bruk erfaringene når du søker jobb

Gjennom internasjonal erfaring tilegner du deg mange ferdigheter arbeidsgivere ser etter. Bruk erfaringen fra utveksling når du søker jobb.

Reise

Visum og pass

Enkelte land krev visum for studentar på utvekslingsopphald. Du må sjølv ordne med dette. Du søker om visum etter at du har fått opptak til studiet, eller når praksisopplegg er stadfesta av vertsinstitusjonen i utlandet. Ta kontakt med det aktuelle landet sin ambassade i Noreg så tidleg som mogleg, gjerne før du har fått opptaksbrev, for å få informasjon om kva dokumentasjon dei krev.

I nokre land må du i tillegg til visum også ha opphaldsløyve. Ambassaden gir deg meir informasjon om dette. 

Sjekk at du har pass som er gyldig i minst 6 månader etter at du er tilbake i Noreg.

Har du statsborgarskap i eit anna land enn Noreg kan det vere andre reguleringar som gjeld. Sjekk då med andre kjelder.

Forsikring

Er du bustadsregistert i Noreg har du grunnforsikring gjennom folketrygda, men dette inkluderer ikkje reise- og ulukkesforsikring, innbuforsikring, heimtransport ved sjukdom med meir.

HVL rår alle studentar som skal på utveksling å skaffe seg nødvendig forsikring utover det folketrygda tilbyr. ANSA og Norsk Student Organisasjon (NSO) tilbyr studentforsikring, men du står fritt til å velgje den forsikringsleverandøren du ønskjer.

Er du helse- eller sosialfagstudent og skal ha praksisopphald i utlandet bør du undersøke om du treng ansvarsforsikring som dekker erstatningsansvar om du påfører andre skade under praksisopphaldet. ANSA og dei fleste fagforbunda tilbyr slik forsikring til medlemmane sine.

Helse og sikkerheit

Ta vare på deg sjølv og medstudentane dine medan du er på utveksling. Les meir om tryggleik og beredskap.

Vaksiner

Kontakt fastlegen din eller ditt lokale vaksinasjonskontor for å undersøke kva vaksinar du treng. Nokre vaksiner bør tas i god tid før du reiser, så vær tidleg ute. På Folkehelseinstituttet kan du lese meir om reisevaksinar. 

NB! Skal du ta praksis på utveksling? Ved nokre lærestadar krev dei at du tek særskilde vaksiner før du startar praksisopphaldet ditt. Ta kontakt med lærestaden din i god tid for meir informasjon.

Europeisk helsetrygdkort

Skal du på utveksling til Europa anbefalast det at du bestiller Europeisk helsetrygdkort. Dette gir deg rett til behandling og stønad på lik linje med innbyggarane i landet du skal opphalde deg i. Dette gjeld innan heile EØS-området. Du bør i tillegg ha teikna reiseforsikring.

Registrer reisa

Så snart du har fått deg bustad i vertslandet, bør du oppdatere opplysingane dine i Studentweb. Utenriksdepartementet (UD) ønskjer og at norske statsborgarar registrerer seg hos dei slik at UD kan sende deg informasjon på SMS eller e-post om det skjer ein alvorleg hending i landet.

Registrering gjer du online via reiseregistrering.no.

Eigenerklæring

Før avreise bør du gjere deg kjend med eigenerklæring for utveksling. Du får og tilsendt eit nettskjema frå HVL der du fyller inn opplysningar om deg og om din kontaktperson. Denne informasjonen blir berre brukt dersom det skulle skje noko uventa medan du er på utveksling. 

Sjømannskirken

Høgskulen på Vestlandet har ei beredskapsavtale med Sjømannskirken. Dei kan bistå våre studentar i krise- og beredskapssituasjoner over heile verda.  Sjømannskirken sitt beredskapsnummer er: +47 951 19 181

Sjømannskirken har også utvikla ein app som heiter "Nødnummer". Denne er nyttig å ha på telefonen når du er på reise generelt og på utveksling spesielt. I appen finst det fleire funksjonar, som reiseregistrering, kontaktinformasjon til ambassade, kopling til reiseforsikringa di osb. 

Å være i utlandet

Språk

Viss du skal på utveksling til eit ikkje-engelskspråkleg land, er det anbefalt å ta eit språkkurs før du drar, sjølv om undervisninga går på engelsk. Lånekassen kan gi økonomisk støtte til språkkurs.

Erasmus-studentar tar ein test gjennom Online Linguistic Support (OLS). Dette er ei uformell vurdering av språkkunnskapane dine. Du kan og få tilgang til språkkurs gjennom OLS. (LENKE TIL OLS-SIDA)

I Tyskland har DAAD har ei stipendordning for studentar på bachelor- og masternivå som har lyst til å ta eit sommar- eller fagkurs i tysk.

Bustad

Dei fleste av HVLs partnarar tilbyr hjelp til å finne bustad. Du finn informasjon om dette på nettsidene deira eller ved å ta kontakt med internasjonalt kontor på lærestaden.

Sosialt

Mange universitetet har studentorganisasjonar du kan bli med i som og er gode utgangspunkt for å bli kjent med nye menneske. Har du ei spesiell interesse, undersøk om det finns ein klubb for dette og. Skal du til Europa vil for eksempel medlemskap i European Student Network være nyttig. Forbered deg på å sjølv ta initiativ til å bli kjend med nye menneske mens du er på utveksling. Prøver du nye ting og er open for nye kjennskapar kjem du kanskje heim med nye interesser og andre typar vener enn du har frå før.

Likestilling og mangfald

Ikkje alle land har de same lovene og haldningane som Norge. Høyrer du til ei minoritetsgruppe bør du sjekke dei lokale lovane og undersøke kva støtteordningar som finns for deg i det landet du skal reise til. Dette inkluderer mellom anna om du kjem frå ein minoritetsbakgrunn, har ein funksjonsnedsetting, identifiserer deg innan LGBT+ eller om du har ei religiøs tilknyting som ikkje høyrer til fleirtalet i landet du skal til.

Ved å gjere undersøkingar i forkant er du betre rusta og vet betre kva du kan forvente når du reiser på utveksling. Identifiserer du moglege støttetenester før du reiser kan det bli lettare dersom du skulle få behov for hjelp eller nokon å prate med. Til dømes har kanskje institusjonen ein studentorganisasjon eller tilsette som jobbar med desse spørsmåla og som kan være gode ressursar. Det kan og vere interessegrupper nasjonalt du kan nytte deg av.

Studentar med funksjonshemmingar som gjer at utveksling ikkje er mogleg utan ekstra stønad kan motta eit tilleggstipend om dei reiser med Erasmus+. Les meir om dette på Erasmus-sida.