Godkjenning av utvekslingsopphald

Når du søker på utveksling må du ha ei fagleg førehandsgodkjenning. Etter du kjem heim frå utvekslingsopphaldet må du søke om innpassing av opphaldet ditt i studieplanen.

Fagleg førehandsgodkjenning

Signert fagleg førehandsgodkjenning for delstudium i utlandet skal følgje med din søknad. Førehandsgodkjenninga er ein garanti for at emne du studerer i utlandet vil gå inn i bachelor-, master- eller ph.d.-graden din.

Førehandsgodkjenninga skal signerast av følgjande person:

  • Bergen: Fagleg kontaktperson på ditt studieprogram og instituttleiar.
  • Haugesund og Stord: Fagleg kontaktperson på ditt studieprogram og instituttleiar.
  • Sogndal og Førde: Instituttleiar/programansvarleg.

Sjå liste over faglege kontaktpersonar her.

Last ned skjema her (docx-format): 

Endeleg godkjenning og innpassing

Når du er tilbake ved HVL må du få endeleg godkjenning/innpassing av opphaldet ditt i studieplanen. Innpassing blir gjort på bakgrunn av karakterutskrift frå vertsinstitusjonen. I nokre tilfelle vil vi få tilsendt karakterutskrift direkte frå vertsinstitusjonen, men som regel må du ordne dette sjølv, så det er viktig at du sjekkar med din vertinstitusjon kva dei brukar å gjere. Karakterutskrift/attestar frå vertsinstitusjonen leverer du til studierettleiar på fakultetet ditt. Etter innpassing vil vi sende informasjon direkte til Lånekassen.

Dersom du ikkje får ECTS-studiepoeng på sjølve karakterutskrifta, må du levere ei skriftleg stadfesting av kva studiepoenga utgjer i ECTS.

Dersom du har vore på praksisopphald i utlandet, må du sørgje for å få med ei stadfesting av at praksisopphaldet er gjennomført. I Bergen kan du ta kontakt med praksiskontoret for å få skjema for godkjenning.

NB! Dersom du er på utveksling i siste semester av graden din, er du ikkje garantert å få vitnemål innan 1. juli, som er ettersendingsfrist i samband med søknad om vidare utdanning. 

Endringar?

Karakterutskrifta du leverer inn må samsvare med fagleg førehandsgodkjenning (inkludert eventuelle endringar under opphaldet). Dersom den ikkje gjer dette, må du få ny godkjenning før du kan få innpassing.

Digital overføring

Dersom du har vore på utveksling i Sverige eller Finland kan du overføre resultata dine elektronisk til HVL via EMREX-systemet. I første omgang er det mogleg å dele resultat mellom Noreg, Sverige og Finland. Overføringa må gjerast medan du har aktiv studentstatus hos vertsinstitusjonen.

Resultatutvekslinga går på følgjande måte:

  1. Logg deg på Studentweb og trykk på «Resultater» heilt øvst på den grå linja.
  2. Velg «Import of results from abroad» heilt nedst på sida.
  3. Velg Sverige eller Finland.
  4. Trykk på den grøne knappen «Go to chosen country».

NB! Dersom du er på utveksling i siste semester av graden din, er du ikkje garantert å få vitnemål innan 1. juli, som er ettersendingsfrist i samband med søknad om vidare utdanning.