Internasjonal dag 2020

Høgskulen på Vestlandet inviterer alle studenter og ansatte til internasjonal dag på digital plattform 26. august 2020.

Korleis er det å studere i utlandet? Kor kan du reise til? Kva har utveksling å seie for framtida di? Bli inspirert av studentar som deler sine erfaringar og få informasjonen du treng til å ta steget ut i verda.

Sjå opptak frå Internasjonal dag 26. august 2020:

 

Årets internasjonal dag blir for første gong digital og på tvers av alle campus. Følg oss direkte på Zoom eller Facebook. Det vil òg verte opptak av internasjonal dag som kan nyttast i etterkant av sendinga. 

Program: 

Årets internasjonal dag set fokus på utveksling til Europa gjennom Erasmus+. Europa har eit mangfald av destinasjonar og moglegheiter. Vel du Europa vel du kortreist og miljøvennleg. Vel du Europa vel du ikkje berre eit land eller ein by, men ein heil verdsdel. HVL setter Europa på kartet for utveksling. 

Moderator for dagen er Marie Charlotte Moilanen Kettunen fra Studenttinget på Vestlandet. 

  • 12:00
    12:05
    Introduksjon og helsing frå Rektor
  • 12:05
    12:30
    Innlegg frå Kristine Kopperud Timberlid, Innovasjon Norge

    Kristine Kopperud Timberlid frå Innovasjon Norge Vestland deltar på Internasjonal dag for å fortelle om korleis internasjonale erfarig var viktig i karrierevalget hennar. Kristine er avdelingsleiar i Sogndal og har ansvaret for internasjonaliseringsarbeidet i regionen. 

  • 12:30
    13:00
    "Reis på utveksling" med Internasjonaliseringsadministrasjonen

    Halvard Ones, fagleder for mobilitet og utvekslingsavtaler, held foredraget "Reis på utveksling" med informasjon om kvifor utveksling er ein viktig del av studieløpet og korleis du skal gå fram i søknadsprosessen.

  • 13:00
    13:30
    Studentpanel

    Møt Magnus Erstad,  Heidi Marie Kalvenes Aardal og Marte Bjørkelund som fortel om sine erfaringar frå utveksling.

    Magnus har fullført en bachelor i produksjonsteknikk ved HVL og reiste i løpet av studiet på utveksling til Glasgow, Skottland. Han kjem for å fortelle om korleis studieopphaldet ga eit stort fagleg utbytte, betre engelskspråklige ferdigheitar og nye vener: «Gjennom utvekslinga bygde eg mange relasjonar som eg framleis held kontakten med, og eg utvida horisonten min. Dette halvåret var kanskje det mest lærerike eg har opplevd og ei oppleving eg absolutt vil anbefala til alle». 

    Heidi studerer master in Climate Change Managament og kjem for å dele sine opplevingar frå utveksling på nord-vest kysten av Island. Ho seier at: «I tillegg til å tileigne meg god kunnskap om handtering av kyst-og marine ressursar gjennom studia, blei Island ei heilt spesiell oppleving for meg. Dagane mine var fylt med fjellturar, svømmebasseng, roadtrips til hot springs, unike forskingshøve gjennom frivillig arbeid og mykje sprell i det lokale miljøet i Isafjordur». 

    Marte er ferdigutdanna sjukepleiar og jobbar i dag på Coronaklinikken i Bergen. Under sjukepleiarutdanninga var ho på utveksling i Viseu, Portugal. Ho deltek på Internasjonal dag for å fortella outvekslingsopphaldet og korleis ho brukar erfaringa i jobben i dag: «Gjennom utveksling har eg fått tryggleik til å stå i ein hektisk sjukepleiarkvardag. Eg har blitt ein meir kreativ og ysingsorientert sjukepleiar. Desse er kvalitetar som eg er glad for å kunne ta med meg, særleg som nyutdanna sjukepleiar i ein global pandemi». 

  • 13:30
    13:45
    Kva har du lært om utveksling?

    Vi avslutter med Kahoot med tittelen "Kva har du lært om utveksling?". Her kan du vinne gavekort fra Chill Out for opp til 1000 kr.

  • 13:45
    14:00
    Parallellsesjon

    Parallellsesjon med studiepesifikk informasjon fra fagansatte om utveksling i eigne digitale rom. Se lenker til parallellsesjonene her.

    Det er òg åpent for spørsmål og svar i "hovudrommet".