Eurosedlar og myntar

Finansiering

Som utvekslingsstudent kan du få støtte frå Lånekassen. Dersom du reiser gjennom Nordplus eller Erasmus+, kan du i tillegg få stipend derifrå.

Lånekassen

  • Basisstøtte: Lån og stipend
  • Reisestøtte: Lån og stipend
  • Skulepengar: Lån og stipend
  • Språkstipend

Du vil få same støtte frå Lånekassen som når du studerer i Noreg. I tillegg kan du søke om støtte til reise til og frå landet du skal på utveksling til. Ved nokre institusjonar i utlandet må du betale skulepengar. Lånekassen kan gi lån og stipend til å dekke dette.

På Lånekassens nettsider kan du lese meir om kor mykje støtte du kan få

Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Erasmus+

Dersom du skal på studie eller praksis gjennom ein av våre Erasmus+ avtalar kan du få ekstra stipend til reise og opphald frå HVL. Gjennom Erasmus-programmet betalar du ikkje skulepengar til universitetet eller høgskulen du reiser til. Her kan du lese meir om Erasmus-programmet, og få meir informasjon om korleis du går fram for å søke om Erasmusstipend.

Studentar som har barn under 18 kan få eit ekstra stipend med Erasmus. For studentar med funksjonshemmingar som gjør at Eramsus+-deltakelse ikkje vil vere mogleg utan ekstra stønad kan og motta eit tilleggstipend. Dette gjeld i tilfelle der kostnaden ved å dra på utveksling er høgare enn støtta ein får til vanleg og der støtte frå andre kjeldar ikkje er mogleg. Ekstrastønaden frå Erasmus+ dekker i desse høva faktiske, godkjende, kostnader. Gjeld dette deg, send epost til international@hvl.no

 

Nordplus

Stipend frå Nordplus er først og fremst aktuelt for deg som skal ha praksis i utlandet. Viss fagmiljøet ditt deltar i eit nettverk med nordiske partnarar, kan du få støtte på inntil 200 euro per månad, i tillegg til reisestøtte. Du betalar ikkje skulepengar til universitetet eller høgskulen du reiser til.

Legat

Legathandboka og legatsida gir oversikt over ulike norske legat og informasjon om tilhøyrande fristar og prosedyrer. For legat er det ofte spesifikke kriterium for å få støtte.