Online Linguistic Support

Online Linguistic Support (OLS) er ein ressurs i Erasmus-programmet for utvikling av studentens språkferdigheiter på utveksling. OLS måler det språklege utbyttet av utvekslingsopphaldet ditt,

Slik får du tilgang til OLS

Alle Erasmusstudentar må ta ein språktest i undervisningsspråket før dei reiser på utveksling.

Språktesten er eit bevis på at du har dei nødvendige språkkunnskapar i språket du skal studere/ta praksis på.

Du får ein invitasjon til språktest sendt til e-posten din. Eposten sendast frå OLS-systemet og inneheld innloggingsdetaljer. Det er viktig at du registrerer utreise- og heimkomstdato i systemet.

Testen følger det europeiske rammeverket for språk (CEFR). Nivåane er inndelt slik: 

  • A1 og A2: Basisbrukar
  • B1 og B2: Sjølvstendig brukar
  • C1 og C2: Avansert brukar

CEFR-nivå

Før du startar testen, må du krysse av om du ønsker å motta språkkurs i etterkant. Du kan få kurs både på språket du skal studere på og det lokale språket i landet du reiser til. Du kan og ta fleire språkkurs om du ønsker det.

Oppnår du eit resultat under nivå B2 får du automatisk tilbod om eit språkkurs for å forbetre deg. Oppnår du B2 eller høgare, vil du berre bli tilbydd kurs dersom du kryssa av for at du ønska det til og begynne med.

Dersom du ikkje valde kurs, vil du likavel ha høve til å gå tilbake og endre dette om du ombestemmer deg. Vi råder deg til å ta nytte eit språkkurs sjølv om du oppnår høgare enn B2.

Språktesten kan og lastast ned som app frå produsenten Altissia International SA eller du kan gå via Erasmus-appen.

Meir detaljert brukarrettleiing finn du på OLS sine nettsider.